I juni 2012 gifta ei god venninne seg, og me fekk frie tøylar kva angjekk blomsterdekor... Ho valde seg fargen "champagne" som utgangspunkt. Kule-temaet var tidlig på plass, og både kirkepynt, bordpynt vart laga med ei eller anna kuleform.
Slik såg alter-dekoren ut, store kuler med fylt Chrysanthemum, montert på glassvasar med sand, vatn og Gypsophila oppi. Seinare pynta me gangen i selskapslokalet med desse.
Store flotte 5-arma lysestakar vart leigd og brukt både i kyrkja og på festbordet. Champagnefarga lys, pynta med silkehjerter og kremfarga knappenåler.
De nygifte !
Me laga og knipper med forskjellige blomster som brura fekk med seg til frisøren. Lekkert å pynte håret med blomster på den store dagen :)
Brudebuketten i fanget på brura i kyrkja.
Mellom de store lysestakane står kuler av fylt Chrysanthemum, og mellom desse mengdar av telys i lyse fargar. Til slutt strødde me bordet med roseblader i forskjellige nyansar.
De lekre rosene heiter "Tinkerbell".
I lysestakane hang roser ilag med runde perler i forskjellige størrelsar.
Chrysanthemum-kule med roseblader.
Me laga kuler med Chrysanthemum i 3 forskjellige størrelsar. Som bordkort laga brura til chiffonposar med lovehearts.
Brudebuketten dekorerar bordet under middagen.
Sjølve brudebuketten blei laga som ein pendel. Rund kule av roseblader, og eit fluffy heng med chiffon-bånd, lause roseblader, roseknoppar, gypsophila og fremfarga perler. Nokre få Phalaenopsis orkidear oppå kula, og ned i henget....
Skal du gifte deg, og har spørsmål angåande brudebukett eller bryllupsdekor, ta gjerne kontakt:) Me gledar oss til å hjelpe deg!
Ingvill&Ailin
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar