fredag 28. mars 2014

Imorgon skjer det!



Imorgon lørdag 29. mars vert årets distriktsmesterskap i blomsterdekorering avholdt!
Denne gongen på Oasen senteret i Fyllingsdalen. Konkurransen startar kl 10.00, og det er to oppgåver, som kvar varar i halvannan time. Me fekk oppgåvene igår :)
Oppg 1. Blomstersmykke til krage/hals
Oppg 2. Borddekorasjon

Alle deltagarene kan tenka og planlegga fram til konkurransestart, men ikkje fysisk forbereda noko.




Eg gledar meg mykje, det gjer eg kvart år. Kjekt å treffa "blomsterfolka" og lære noko nytt. For lærerikt, DET er det  :)
Håpar å sjå deg der, om ikkje kan du følgja med på Blomsterverkstaden sin facebook-konto eller på Instagram :) 

Butikken i Smedbrekka på Manger har lørdagsope 10.00-15.00 som vanleg.


Wish me luck!


Ingvill




mandag 24. mars 2014

Kjenner du at det kriblar?


For ein utrulig flott dag det har vert idag! Sååå deilig med sol og blå himmel!





Hjå meg boblar det med lyst til å gjere noko i hagen, det er full fres i staudar, løkar og til og med rosene er skuddklare!  I butikken er det fylt opp med uteplantar til gode prisar.
Fleirårig Vårlyng 3 for 100,-
 og minipåskeliljer Tete'a'Tete, 5 for 69,-  :-) 



Dette mosehjarta laga eg rundt morsdag. Tatzetten "Bridal Crown" og Tusenfryd.



Perleblomster, Muscari Armeniacum, er ein favoritt i hagen. De står lenge, duftar fantastisk, og formerer seg i akkurat passe tempo. De er også veldig fine å ha inne i ei potte, som alternativ til bukett.
Har både blå og kvite i butikken.



Fritellaria Meleagris er også ein favoritt. Dei vert også kalla Ruteliljer, fordi de har eit fint rutemønster i blomsten. Eit anna navn er Vipeegg. Den opprinnelige hagen her er meir enn hundre år gamal, og då eg for 10 år sidan begynte å ta "krattet" i nærare augesyn, vaks desse nesten overalt i hagen. Eg har tatt møysommelig vare på dei eg fann, i tillegg har eg planta mange nye. Dei som har erfaring med liljebiller, eller lakkbiller, knallraude lilje-etande kryp, veit kanskje at Fritellaria er ein favoritt. Nettopp derfor har eg planta mange Fritellaria, for eg har nemlig også mykje liljer. Og fordi Liljebillene går på Fritellarian lenge før liljene viser seg, rekk ein å få bukt med Liljebillene, før de rekk å formere seg så voldsomt, og ete opp de fine liljene :) De er mykje lettare å sjå på Fritellarian, fordi resten av hagen enno ikkje har rukke å verte så fargerik. 


Stemorsfiolane er på plass, i mange lekre fargar. Desse toler ned mot fem minusgrader, så de kan fint plantast ute no. Deilig med litt farge på trappa eller inngangspartiet.



Bellis, eller Tusenfryd, toler også fint nokre minusgrader. Desse får du glede av leeeeeenge, om du hugsar å knipe av litt visne blomster i ny og ne. Hjå Blomsterverkstaden får du 3 stk for 100,-


Krokus er nestan like tidlig som snøklokkene med å stikke nasa opp or jorda, har både gule, kvite og blå. Herlig!

Om hagegleden skulle gripa fat i deg denne veka, har eg ope 10-16.30 Man-tors og til 19.00 på fredag.

Ynskjer alle ei fin veke i sola!
Velkommen i Smedbrekka :)


Ingvill