torsdag 29. november 2012

Kjærleiksbenken...

I April i år, under kulturdagane i Radøy kommune, skulle Kjærleiksbenken som står i Prestegarden på Manger innviast. Me hørte snakk om at den skulle hatt "litt pynt", og tilbydde oss å dekorera benken. Å lage slike arbeid er så kjekt, å kunne jobbe ute i stort format!
 

Her ser de benken ferdig dekorert før sjølve innvielsen. Hjerta er laga av bjørk som me fann i "hagen", og dekorert med kvite roser, blomstrande kvist frå plommetreet i Smedhagen og blå Perleblomster, Muscari Armeniacum, med løken på. Då heldt de seg lenge!
 
 



 
Detaljbilde, me festa og på eit lite kvitt hjerte av pil.
 

 
Kjærleiksbenken vart innvia av det då vordande brudeparet Lisa og Joakim, medan ordførar i Radøy Jon Askeland tala.

 
Slik stod benken ei god stund i Prestegarden, før hjerta til slutt måtte takast ned. Men Kjærkeiksbenken står der enno, i tilfelle nokon vil gjera bruk av den...til eit frieri kanskje?

 
 
Til slutt eit bilete av de fornøyde dekoratørane, som hadde ein kjekk dag i vårsola!
 
 
Ingvill&Ailin

søndag 18. november 2012

Siste strøk..

.. med lakk på da fina golvet vårt!
 
 
Igjen, glømte eg jo speilrefleksen heima, så då vart det mobilbilder igjen! Men de ser no at da er blankt og fint :-) 
 
 
No nærma da seg styggelig :-)
Me gler oss!
 
Ingvill&Ailin
 

fredag 16. november 2012

Travle tider!

No jobber vi iherdig med å få lokalet ferdigstilt! Det viser seg at det ikkje er gjort over natta å gjere eit skittent maskinverksted om til ein inbydande butikk. Menna våre har jobba som to heltar både dag og natt, mens vi damer prøver å få klar tinga vi skal ha i butikken. Vi satser jo på å lage litt flotte heimalaga ting, som ein ikkje finn i alle butikkar.
 
Ingvill er jo ein kjempeflink og kreativ dekoratør som alltid har ein god og nyskapande idè på lur :-)Eg har lært mykje kjekt, både før og no undervegs når vi heldt på! Det er GØY!
 
 Denne har eg laga, med Ingvill hadde ideen :-)
 
Ellers har vi fått mykje flotte varer til butikken vår! Vi pakker opp og pakker opp! Ungane våre er med, og dei kosar seg og er veldig flinke!! Dei er 3, 3 og 5 år og er veldig god hjelp i, sjølv om det blir littegranne knussel innimellom om kven som skal lima kva lappar og lignande :-)
 
Her får de eit bildedryss av dei flotte ungane våre i fullt arbeid:'
 
 
 
 
 
 
 
Litt dårlig kvalitet då Iphonen min ikkje har det beste kameraet!
 
Vi kjem tilbake i løpet av helga med bilder av det fine golvet menna våre har lagt til oss <3
 
Ailin
 

torsdag 8. november 2012

Oppgradering av lokalet...

...var nødvendig:) Den siste tida har det skjedd mykje i Maskinverkstaden, sjølv om ikkje "arbeidslaget" har vert heilt fulltallig... Her kjem eit bildedryss, slik at de kan sjå forandringane til det betre etterkvart..... :)
Delar av golvet måtte støypast oppatt..
 
 Industristøvsugar e kjekt å ha!
 



 
Veldig(!) gammal boremaskin må vika plass...

Døra er orginal, og er no blitt ein del av veggen. Fleire lag malig kom til syne etterkvart, brun, okergul og heilt innerst..
  
 ..var døra kvit...
 

Eit enkelt val vart det derfor, og male døra kvit igjen, slik den var for 115 år sidan.
  
Vindauga fekk nye lister, og et strøk med same maling som døra.
 
Det siste bildet viser spor frå gamle dagar........
 
 
Ingvill&Ailin