onsdag 11. februar 2015

"Bie elsker Blomst"



Det er tida for å så frø, eller planlegge frøsåinga i april, mai :) Blomsterverkstaden har fått inn ein kolleksjon med frø, som kallast "Bie©Blomst" Dette er eit samarbeidsprosjekt for å auka bestanden av bier i Norge. Norges Birøkterlag, hagebloggen Moseplassen og Det norske hageselskap, har ilag  med Nordic Garden, satt samen eit utval frø og løk som er veleigna for pollinerande insekt.


Eit godt utval frø og urter, mange kjente blomstertypar som er lett å få til. Ein av de spanande variantane er kvit solsikke! :-) Mange av sortane er etande, tenk så gøy å servere kvit blomkarse i salaten? :-)


Det er også nokre urtetypar i utvalet, og me har såpotter og såjord.


Du kan også få med ein fin brosjyre med mykje informasjon om prosjektet, veiledning til frøsåing, oppskrifter og andre gode tips.


Nedanfor finn du lenke til kva Anne Havåg Holter-Hovind har skrive om prosjektet på sin blogg Moseplassen :-)

Kom innom då vel og sjå utvalet, eller slå på tråden om du har spørsmål!

Ha ein fin dag!

Ingvill Marie