mandag 9. september 2013

Brudebukett og bryllupsblomster i kvitt, champagne og Marinens farger!

 
For ei tid tilbake, hadde me gleda å dekorera til Trude og Arnth sitt bryllup. Sjølv om me ikkje kjente brudeparet frå før, gav de oss meir eller mindre frie tøylar. Brura sin flotte kjole var gylden, og brudgommen skulle bruke Marine-uniform. Brudeparet skulle vigslast i Haakonsvern kyrkje, og festmiddagen holdast på Bellevue i Bergen. Fargane kvitt, champagne, gull og blått vart eit naturleg val, med Marine-uniformen og brudekjolen som utgangspunkt. På bryllupsdagen reiste eg avgårde, med gode hjelparar, og dekorerte borda først i den blå salen på Bellevue, og derettter kyrkja på Haakonsvern. Veldig kjekt og spennande:)
 
 
 Brudebuketten hadde mange detaljerte element, først ei sydd rose i champagnefarge, så ei sydd Marthalilje, med mansjett av gull. Lyse champagnefarga Phalaenopsis-orkidear, detaljar av Gypsophila, diamanthjerter og blå perler. 

 
Henget, som kjem ut av skaftet, vart laga av lengdar med chiffonbånd, Nellik-kronblad, Rose-kronblad og Gypsophila.
 


 
 Haakonsvern kyrkje, fantastisk fin! Me laga store søylebukettar med Gladiolar, Roser, Gypsophila, Steelgress og Marthaliljer med gullmasjett, og alterbukettar i same stil.
 
 
 
©
 

 
©
 
 
På ei rekkje av stolradene nedover langs kyrkjegolvet hadde me laga små bukettar med Gypsophila, Marthaliljer, strå og blå perler.


 
På Bellevue skulle me dekorera fire store runde bord. Laga høge dekorasjonar i stettglas, med Marthaliljer, Gypsophila, Roser, Phalaenopsis-orkidar, strå, gullkvistar, perler og chiffonbånd med pålimte Rose-kronblad. Sjølve bordet blei strødd med gullsteinar, Nellik- og Rose-kronblad, blå perler, blått silkebånd og kvite telys.

 
Den blå salen på Bellevue er utrulig fin, gjennomført ned til minste detalj. Og for ein utsikt!
 
 
Nærbilete av dekorasjonane.
 
 
 
Nydelig farge på Phalaenopsis-orkideane!

 
Bordet ferdig dekka i all si prakt.
 

 
Nærbilete av brudebuketten. De blå perlene i forskjellige størrelsar, dannar eit mønster utover de forskjellige Marthaliljekronblada.
 
 
 
Brudeparet!
© 
 
 
Ingvill
 

 

lørdag 7. september 2013

Tilbud på haustplantar, og salg på hageplantar!

Framover har Blomsterverkstaden salg på hageplantar, staudar og busker.
Store staudar -50% og alle små staudar 5 stk for kun 100,-!
Halv pris på hageroser, lauvfellande busker som Spirea, og på solbærbusker. I tillegg er det halv pris på alle vintergrøne busker, og minus 70 % på ein serie korgpotter.
Ellers har me mykje fine haustplantar 3 for 100,-
Så gode mulighetar for mange gode kupp!
September og oktober er fine månader å plante i, de rekk å rota seg godt i bakken før frosten kjem, og de kjem då tidleg i gang til våren igjen. Vinn-vinn :)
 
 
Knallfine busk-Calluna lyng, store tofarga kvit/lilla kun 149,-
 
Lekre Sølvtråd, Calleophesalus, står fint utover vinteren og:)
3 stk for 100,-
 
 
Sjeldant flott fleirårig lyng Calluna "Lemon Lime" i lysande gul-grønn farge med lyserosa blomster! 3 stk for 100,- 
Har og fine hjerter og kransar til dør eller eventuelt grav no på hausten, bildet viser ein dørkrans med kvit lyng, og skjønn liten fugl:)
 
Kvite Pyntekål 2 for 100,-
 
 
Flotte frynsete lilla Pyntekål 2 for 100,-
 
 
Halv pris på store stauder, her lilla Høstfloks.
 
 
Ettårig lyng, Erica, med kraftig rosa farge 3 for 100,-
 
 
Haustanemone i lys rosa.
 
 
Knallfine Takløk med #spindelvev", alle Takløk og Sedum 3 for 100,- Desse er og fleirårige, og likar seg på tørre, skrinne stadar.
 
 
Idag, lørdag, har me ope til 15.00, velkommen innom for trivelig hagehandel, og gode råd får du med på kjøpet ;)
 
 
Ingvill

fredag 6. september 2013

Fredag!

....og regn... Jaja, da e jo ein veldig god unnskyldning for å unna seg blomster til helga, og tenne lys i høstmørket. :) Bilder fra butikken idag, og igår kveld. Ynskjer alle ein fin fredag!
Ingvill

søndag 1. september 2013

Brudebukett med lilla orkide Vanda "Black Magic Purple"

 
Ein hektisk bryllupsesong nærmar seg slutten, sjølv om me framleis har nokre bryllup å sjå fram til:)
I juni laga me blomsterdekor til Cesilie og Bjørn Helge sitt bryllup, med lilla Vanda "Black Magic Purple" som hovudblomst. Den er berre så eksotisk og lekker, med fantastisk fargespel i ein og same blomst.

 
Brudebuketten hennar bestod av Vandaorkidear, minisukkulentar "Oreostachys", Hjertegress "Brize Media", lilla streng, sølvstreng og kvite perler.
 
 
 
Brudgommens corsage var ein enkel Vandaorkide, pynta med sølv, og kvit perle.


 
Borddekorasjonane, 8 i talet, vart laga med ulike lilla blomster. Lave, avlange dekorasjonar kler eit bryllupsbord godt, dei gjer mykje ut av seg, utan å forstyrre det som skjer ellers.

 
Me brukte Lisianthus, Levkøyar, Plumoses, Limonium, Hosta, Clematis, Vandaorkidear og harlequin-Hortensia i ulike lillatonar.

 
Lekkert fargespel og mønster i orkideane...
 

 
Clematis...

 
Harlequin-Hortensiane hadde utrulig mange fargar på ein og same blomsterstilk. Nokre var ganske lilla, andre nesten heilt kvite.

 
Brura hadde sett hjerter som me laga til eit bryllup tidligare i år, dei var då kvite. Ho ønska seg noko liknande, med litt meir rustikt utrykk, og gav oss frie tøylar.

 
Resultatet blei desse hjerta som me laga med Syrengreiner, og pynta med lilla Limonium og Vandaorkidear.

 
Hjerta blei brukt som kirkepynt, først inne, så ute, og seinare pryda dei festlokalet.

 
©
 
Ønskjer alle ein fin kveld, fleire bryllupsblomster på bloggen kjem snart:)
 
Ingvill