lørdag 2. mars 2013

Brudebukett i lilla med Hortensia og Orkide'

 
Den vakre brura Marit med sin brudebukett...
Ho ønska seg Hortensia i fargen antikk lilla. Undersida av brudebuketten er kledd med lys lilla Calluna-lyng. Me har og brukt den veldig flotte Vanda-orkideen "Black Magic Purple" i buketten.
Marit sin brudekjole var utrulig fin, med stort skjørt, fleire lag og mange detaljar. Me valde då å lage ein litt stor brudebukett, med rein rund form, utan heng, for å skape fin balanse med kjolen.
 

 
 

 
Nærbilde, her viser detaljar av strass-sommarfuglar i lilla og sølv, og eucalyptuskvistar.

 
Corsage/Knappholsblome til brudgom, forlovar, brudens far og brudgommens far.

 
Me var og avgarde og pynta kyrkja. Laga to store hjarter av lilla Calluna-lyng, og dekorerte de med Vandaorkidear, og Eucalyptus.
På alteret satte me enkle stilkar med Hortensia.

 
Hjartene stod på kvar si side av trappa som går opp til alterringen. Desse blei brukt som dekor i festlokalet seinare på dagen.

 
Brura hekla superfine "vasar", kledde glas med desse, og dekorerte med silkebånd, perler og papirblomster.

 
Me sat oppi Hortensia, Vandaorkide' og pynta med Eucalyptus og kvite perler.

 
De nygifte!
 
 

©©©
 
Ingvill&Ailin
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar