torsdag 20. desember 2012

Bestille blomster til jul?


Her kjem nokre bilder frå butikken, som er fylt til randen av herlige juleblomster... Mange flotte samanplantningar og pynta planter, juledekorasjonar og lekre bukettar.... Tulipanar og Amarylllis i bøttevis! Husk at me leverar fritt i Radøy Kommune i heile desember! Ring 56370200 for bestilling, eller stikk innom butikken i SMEDBREKKA 10 då vel! :)











GOD JUL!

Ingvill&Ailin

mandag 17. desember 2012

Bilder frå butikken!!!

 
Endelig vart det nokre ledige minutt til å oppdatere bloggen! Det har vert smått med det, sidan vi opna butikken 5. desember..  Det har vert full fart, mange kjekke kunder som har gleda seg til opningsdag! Det gjorde me og! :)
 
 
For nokre dagar sidan fekk vi mykje flotte interiørvarer frå ein leverandør i Sverige, og med litt hjelp frå gode venniner, var alt det lekre pakka opp, montert og plassert i butikken i løpet av nokre timar!
 

 
 
På bilde over ser de og dei utrulig lekre lakklysa vi har i butikken! Desse brenn kjempefint, og lenge! Vi har de i fargane rødt, elfenben og sjølvsagt svart! :) :)
 

 
 
Butikken bugnar av flotte julegåver, julepynt, noko fint til heimen, og et herleg utvalg av blomster i alle mulige utgåver. Me har laga mange fine plantearrangement, dekorasjonar, pynta planter, og ellers alt ein kunne tenka seg av blomsterhåndverk:)
 
 
Me minnar om at me leverar blomsterhelsingar gratis i Radøy Kommune i heile desember! Ring og bestill blomster til nokon du er glad i  på 56370200!
 
 
Ingvill&Ailin

torsdag 29. november 2012

Kjærleiksbenken...

I April i år, under kulturdagane i Radøy kommune, skulle Kjærleiksbenken som står i Prestegarden på Manger innviast. Me hørte snakk om at den skulle hatt "litt pynt", og tilbydde oss å dekorera benken. Å lage slike arbeid er så kjekt, å kunne jobbe ute i stort format!
 

Her ser de benken ferdig dekorert før sjølve innvielsen. Hjerta er laga av bjørk som me fann i "hagen", og dekorert med kvite roser, blomstrande kvist frå plommetreet i Smedhagen og blå Perleblomster, Muscari Armeniacum, med løken på. Då heldt de seg lenge!
 
 



 
Detaljbilde, me festa og på eit lite kvitt hjerte av pil.
 

 
Kjærleiksbenken vart innvia av det då vordande brudeparet Lisa og Joakim, medan ordførar i Radøy Jon Askeland tala.

 
Slik stod benken ei god stund i Prestegarden, før hjerta til slutt måtte takast ned. Men Kjærkeiksbenken står der enno, i tilfelle nokon vil gjera bruk av den...til eit frieri kanskje?

 
 
Til slutt eit bilete av de fornøyde dekoratørane, som hadde ein kjekk dag i vårsola!
 
 
Ingvill&Ailin

søndag 18. november 2012

Siste strøk..

.. med lakk på da fina golvet vårt!
 
 
Igjen, glømte eg jo speilrefleksen heima, så då vart det mobilbilder igjen! Men de ser no at da er blankt og fint :-) 
 
 
No nærma da seg styggelig :-)
Me gler oss!
 
Ingvill&Ailin
 

fredag 16. november 2012

Travle tider!

No jobber vi iherdig med å få lokalet ferdigstilt! Det viser seg at det ikkje er gjort over natta å gjere eit skittent maskinverksted om til ein inbydande butikk. Menna våre har jobba som to heltar både dag og natt, mens vi damer prøver å få klar tinga vi skal ha i butikken. Vi satser jo på å lage litt flotte heimalaga ting, som ein ikkje finn i alle butikkar.
 
Ingvill er jo ein kjempeflink og kreativ dekoratør som alltid har ein god og nyskapande idè på lur :-)Eg har lært mykje kjekt, både før og no undervegs når vi heldt på! Det er GØY!
 
 Denne har eg laga, med Ingvill hadde ideen :-)
 
Ellers har vi fått mykje flotte varer til butikken vår! Vi pakker opp og pakker opp! Ungane våre er med, og dei kosar seg og er veldig flinke!! Dei er 3, 3 og 5 år og er veldig god hjelp i, sjølv om det blir littegranne knussel innimellom om kven som skal lima kva lappar og lignande :-)
 
Her får de eit bildedryss av dei flotte ungane våre i fullt arbeid:'
 
 
 
 
 
 
 
Litt dårlig kvalitet då Iphonen min ikkje har det beste kameraet!
 
Vi kjem tilbake i løpet av helga med bilder av det fine golvet menna våre har lagt til oss <3
 
Ailin
 

torsdag 8. november 2012

Oppgradering av lokalet...

...var nødvendig:) Den siste tida har det skjedd mykje i Maskinverkstaden, sjølv om ikkje "arbeidslaget" har vert heilt fulltallig... Her kjem eit bildedryss, slik at de kan sjå forandringane til det betre etterkvart..... :)
Delar av golvet måtte støypast oppatt..
 
 Industristøvsugar e kjekt å ha!
 



 
Veldig(!) gammal boremaskin må vika plass...

Døra er orginal, og er no blitt ein del av veggen. Fleire lag malig kom til syne etterkvart, brun, okergul og heilt innerst..
  
 ..var døra kvit...
 

Eit enkelt val vart det derfor, og male døra kvit igjen, slik den var for 115 år sidan.
  
Vindauga fekk nye lister, og et strøk med same maling som døra.
 
Det siste bildet viser spor frå gamle dagar........
 
 
Ingvill&Ailin

tirsdag 30. oktober 2012

Besøk frå Danmark!

 
 
I går kveld fekk vi besøk av ein veldig hyggelig dansk seljar som heiter Niels. Han kjem frå firmaet Nielsen Dekor, som leverar lekre ting til blomsterbransjen i  Norge og Danmark.
 
 
 
Nielsen Dekor har "showroom på hjul", det vil sei at då Niels kom i Smedbrekka igår, vippa han ut trappa til oss bak på lastebilen, og vi kunne tre inn i Nielsen Dekor sitt rike! Varmt og godt var det, og Niels kunne by på FazerMint :)
 
Inspirasjonsbilete over, viser noko av det vi bestilte hjå Nielsen. Kjempefine sinkpotter med kronekant, og lyshaldarar som passar til. Dette skal det verte fiiiine juledekorasjonar av!
 
Om ikkje veldig lenge no, kan de ta turen til Blomsterverkstaden og kikka på alle de andre lekre varene vi har kjøpt heim!!!
 

 
 
Ingvill&Ailin

søndag 28. oktober 2012

Maskinverkstaden sin era er over

Denne helga sendte vi ungane til snille besteforeldre, slik at vi kunne få god hjelp av menna våre og kunne vera til stades begge to. Veldig effektivt fann vi ut etterkvart som den eine tingen etter den andre vart gjort på kortens tid :-)

Vi har blandt juletremerking og anna, jobba intensivt med å tømma maskinverstaden for tunge maskiner!


 
Biletet seier vel litt om kva dimensjonar vi snakkar om.
 
 Det er tilbake til ei tid kor det var maskiner som vart dreven av tannhjul og reimdrift. Ein blir litt nostalgisk og imponert over tida som har vore! Det er fantastisk å sjå korleis smia har fungert i desse to romma. Det blir å lyga dersom vi ikkje seier det er litt stas at vi kan "pusta" liv i desse veggane igjen, og det skal igjen komma folk for å sjå og kjøpa dei fine tinga som vi skal ha i Blomsterverkstaden AS.
 

Sterke "manna" er god og ha!! Hadde det ikkje vore for dei flotte menna våre, hadde det ikkje blitt Blomsterverkstaden AS.
 
 
 
Dette er er boremaskin frå rundt 1950. Den, i likhet med dreiebenken på bileta over vart heisa med heisekran frå maskinverstaden til smia.
 
 
Skrifta på veggen.
 
 Vi finn fleire slike detaljar i maskinverkstaden! Ettersom vi skal ha butikken i desse flotte lokala, som virkelig har sjel i veggane, har vi lyst å bevara noko frå den tida som har vore.
 
 
 
Eit nærbilete
 
 
 
Til slutt ein "happy worker" i veldig skittent "brakkespeil"!
 
 
Ingvill&Ailin
 
 
 
 
 
 
 


Du grønne glitrande...


...tre...juletre!  Blomsterverkstaden skal i desember selja juletre! Desse vert nøye utvalgt av oss, og hogga rett før de vert levert i Smedbrekka:)  I helga har me merka mange av trea ein kan få kjøpt heim til jul. Me merka denne gongen Koreaedelgran, Abies Koreana, kjempefine juletre, faktisk veldig ofte med konglar. Dei duftar også meir enn andre tre, litt som frisk citrus...

 
På vei ut i felta, sludda det noko heise, men idet me steig ut av bilen, forsvant skydekket, og sola skein som aldri før... Deilig å vere i skogen når det er sånt vær!
 
 
For mange born er juletre-henting eit høgdepunkt, enten det er i skogen eller hjå juletrehandlaren.
I år vil alle dei som handlar juletre hjå Blomsterverkstaden a/s, få med seg heim eit lite norsk gran tre,
som borna kan disponera til eige bruk dersom de ynskjer dette. :)
 
Ingvill&Ailin

torsdag 25. oktober 2012

Spisestovekontor og varebestilling..


.. her sitt vi og kosar oss. Vi har kvar vår pc og vi trykker bestill på alt som er fint.. nesten :-)
Dette er kjempegøy og føles ikkje som jobb i det heile!

'
 
De kan gleda deko, det gjer i alle fall vi!!
Ingvill&Ailin


onsdag 24. oktober 2012

Den spede start.....


Endelig i gong med å forbereda til butikkopning i Smedbrekka... :)
På bilde ser de karane heisa "brakko" på plass, som skal fungera som lager og "verkstad"!
Litt trongt i tunet, men dei fekk den no på plass utan veldig store utfordringar.

Ingvill&Ailin

tirsdag 23. oktober 2012

Draumar.....

 
... vert endeleg sett til livs.
I fleire år no, har me drøymt om vår eigen blomsterverkstad. No skal me endeleg gjera realitet av draumane våre, og i begynnelsen av desember opner me døra til "maskinverkstaden" i Smedbrekka, som får nytt liv, og vert Blomsterverkstaden AS. I løpet av utallige timar med kvar vår kopp grøn te, har Blomsterverkstaden AS fått liv...litt etter litt.

Blomsterverkstaden AS vert ein liten blomster- og interiørbutikk. Kreativitet saman med kvalitet, skal kjenneteikna blomsterbinderiet me leverar.

Det vert travle dagar fram til opning, men kva gjer vel det? :-)
Me skal prøva å vera flinke til å oppdatera dykk undervegs.

Ingvill&Ailin