tirsdag 23. oktober 2012

Draumar.....

 
... vert endeleg sett til livs.
I fleire år no, har me drøymt om vår eigen blomsterverkstad. No skal me endeleg gjera realitet av draumane våre, og i begynnelsen av desember opner me døra til "maskinverkstaden" i Smedbrekka, som får nytt liv, og vert Blomsterverkstaden AS. I løpet av utallige timar med kvar vår kopp grøn te, har Blomsterverkstaden AS fått liv...litt etter litt.

Blomsterverkstaden AS vert ein liten blomster- og interiørbutikk. Kreativitet saman med kvalitet, skal kjenneteikna blomsterbinderiet me leverar.

Det vert travle dagar fram til opning, men kva gjer vel det? :-)
Me skal prøva å vera flinke til å oppdatera dykk undervegs.

Ingvill&Ailin

2 kommentarer:

  1. Gratulera så mykje begge to:-)

    SvarSlett
  2. Så spennende Ingvill! Gratulerer og lykke til! Håper det blir suksess!
    Legger meg til som følger her, og håper på mye inspirasjon og fint å se på!
    Hilsen fra Bratshaug!

    SvarSlett