Viser innlegg med etiketten Dekoreringsoppdrag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dekoreringsoppdrag. Vis alle innlegg

onsdag 22. oktober 2014

Blomsterdekorasjon til 80-årsjubilant; med TRAKTOR!


Det er artig med litt spesielle bestillingar av og til :-) 
Til denne dekorasjonen fekk eg heilt frie tøylar, men det måtte vere ein eller anna form for traktor i blomsterarbeidet.


Nærbutikken hadde heldigvis eit passande traktoreksemplar, til og med hadde den tilhengar!




På den eine sida av "brua" forestiller blomstrane skog og kratt, på den andre sida markblomsteng og eit lite vatn.


Gjerdestaurane er av tørka Askepinnar.



Utradisjonelle oppdrag er alltid gøy, og sjølvsagt er det og veldig kjekt når blomsterarbeida vekkjer begeistring og glede!


Ha ein fin kveld!


Ingvill Marie




Hjerteforma brudebukett!


Bryllup i hjarteform! Både bukett, kyrkjepynt og bordpynt skulle vere i hjarteform.


Knappholsblomst i kvitt og sølv.


Kyrkjepynten er laga av to store bjørkehjarter som me spraya kvite. Pynta dei med Phalaenopsis-orkidear som brura sjølv valgte ut :)



Brudepikebukettar med kvite greinroser, orkide og brudeslør.


Brudebuketten, av kvite greinroser "Snow flake", Phaleaenopsis.orkidear, sølvperler og strasshjarter.



Romantiske detaljar!


De nygifte 
©
Heidi+Morten

tirsdag 21. oktober 2014

Lilla brudebukett og bryllupsblomster med "OceanSong" roser


Bryllupssesongen 2014 nærmar seg over, og me har hatt gleda av å hjelpe mange vakre brudepar med sine bryllupsblomster i år.
 Eit av årets første brudepar var Nina og Audun i mai. Brura ville ha ein klassisk rund bukett med lilla roser.


©


Brudebuketten er stifta i kuleform, med mansjett av Marmorlanterneplante, Ceropegia. Pynta med sølvperler og strasshjarter.



Knappholsblomstrane med enkel Ocean Song rose og strasshjarte.


Også kalla "corsage".


Brura i sin vakre draum av ein kjole...


Bordpynten var enkel, mange små bukettar med lilla roser, pynta med kvite sommarfuglar.


Like bukettar pynta alteret i kyrkja.


Det er mange ulike måtar å pynte i kyrkja på, mange vel noko som er lett å flytte med seg til festlokalet. Det som er kjekt med denne typen pynt, er kan den kan flyttast heim på terassen etter bryllupet, og ein kan ha glede av dei i mange år :)


Lilla Hortensia, Hydrangea Macrophylla.






Brudeparet!

Bilete av brudeparet er teken av CRFOTO, her på Radøy.

tirsdag 22. april 2014

Brudebukett med Memory Lane roser


Denne brudebuketten er handbunden, kun med Memory Lane roser, litt blonde og nokre få perler.



Brura ynskte ein heilt enkel bukett, med berre roser.


Blonde rundt stilkane, utgjer skaftet på buketten, festa med perler.


Som borddekorasjon, vart det sett mange små vasar på bordet med Memory Lane roser i.


Enkelt og lekkert.

©


Det vakre brudeparet! 



Årets bryllups-sesong er her allerede, skal du gifte deg i sommar, og ynskjer at Blomsterverkstaden skal hjelpa deg med blomster til ditt bryllup, ta gjerne kontakt :) Sjå og inspirasjonsbilder i andre bryllupsinnlegg her på bloggen,  i bryllupsalbum i butikken i Smedbrekka eller på heimesida www.blomsterverkstaden.no 

Bilete av brudeparet er teke av Jannike Steindal Nordanger.

Ynskjer alle ein fin kveld!

Ingvill


fredag 4. april 2014

Borddekorasjon i burgunder til 30-årsdag!

 
For kort tid sidan fylte ein av mine nære venninner 30 år,
(eller tjue-ti, som ho seier sjølv).
Dette skulle feirast i festleg lag, og ho ville gjerne ha blomster på borda. Ho ville i utgangspunktet ha "svarte" blomster, altså så djupt raude/lilla som det går an, då blir de ganske "svarte". Vanlegvis ville eg då ha brukt Callaen "Swartzvalder", men då ville me ha måtta firedobla budsjettet denne gongen, og det var ikkje aktuelt.
 
 
I staden gav ho meg frie tøylar når det gjaldt dekorasjonane, og eg valde då å bruke så mørk raude/burgunder blomster som mulig.
 

 
Valet fall på burgunder Chrysanthemum, burgunder Ranunkel og mørk raude Cymbidium-orkidear.

 
På nært hald er Ranunkelen nesten svart :)

 
Brukte tradisjonelle borddekorasjonsunderlag, men laga dekorasjonane på utradisjonell måte. Dvs, eg har ikkje brukt noko form for grønt i dekorasjonen, men dekka all oasis med blomstrane.

 
På kvart langbord vart det sett 2 dekorasjonar, og bordet vart dekorert med Cymbidium-orkidear og Ranunkel i glass, mellom og på sidene. Og nokre Chrysantemum hovuder blei lagt rett på bordet.

 
Eg har dessverre ikkje bilde av korleis de såg ut på bordet, med oppdekking det heile, det er så utrulig mørkt i lokalet at det blei ikkje godt nok.
 
Blomsterverkstaden lagar borddekorasjonar til alle anledningar, no nærmar det seg konfirmasjonstid, og ynskjer du at Blomsterverkstaden skal hjelpa deg med borddekorasjonane, nøl ikkje med å ta kontakt :)  Sjå og heimesida
for fleire eksempel på borddkorasjon. 
 
 
Ha ein fin kveld :)
 
Ingvill
 
 

mandag 9. desember 2013

Kan du gjera nåke gøy med denne?





Av og til får ein oppgåver litt utanom det vanlige. Det er sjølvsagt veldig kjekt, og med frie tøylar, kan ein virkelig ta seg ut:)
Denne kassen kom på disken ein fredag, og spørsmålet var; Kan du gjera noko gøy med denne?

Ja! Sjølvsagt kan eg da! 



Med eit budsjett og forholda seg til, og ein viss hentydning til størrelse, fekk eg ellers frie tøylar :)



Resultatet vart altså eit blomsterarrangement, i lilla,grønt og rosa.

Kva som helst kan dekorerast med blomster, kun fantasien begrensar...

Ynskjer du noko blomsterdekorert, ta kontakt, me hjelper deg gjerne!
Sjå og heimesida www.blomsterverkstaden.no  /Flaskedekor, for meir inspirasjon!


Ingvill

lørdag 7. desember 2013

Eg er så glad...

...i desember! Desember er ei herlig tid i blomsterbutikken,til tider hektisk, men det er jo så gøy! Butikken er fylt med lekre blomster,og julepynt i all slags fargar og stilar. Ugler, fluesoppar, istappar og snøfnugg...Nissar, englar, fuglar og kuler... Rødt, kvitt, sølv, gull, lilla og brunt. Glitter og stas :) 







Skjønne fluesoppar i keramikk til telys; 79,-



Lekker stor fluesopp i glass, vart solgt før eg eingong rakk å legga den ut... :) På sida står Stovegran, fin grønn plante, ser ut som eit juletre, så den passar fint no i desember!



Fiiiiine!



Ein vakker dørkrans hører jula til, Blomsterverkstaden lagar i mange forskjellige størrelsar og med ulike fargar og dekor. Bildet viser ein tradisjonell dørkrans med Nobelgranbar, lerk, konglar, dompapar og sjølvsagt raud sløyfe :)


Kule Stovegranar :)



Blomsterverkstaden lagar julegrupper og pyntar juleblomster i mange ulike variantar. Hjå oss finn du noko for einkvar smak:) Me leverar blomster i  Radøy, og formidlar blomster til heile Norge.

Ynskjer du å bestille blomster, ta kontakt på telefon 56370200 eller send ein epost til post@blomsterverkstaden.no
Sjå og heimesida vår www.blomsterverkstaden.no



Ingvill



mandag 9. september 2013

Brudebukett og bryllupsblomster i kvitt, champagne og Marinens farger!

 
For ei tid tilbake, hadde me gleda å dekorera til Trude og Arnth sitt bryllup. Sjølv om me ikkje kjente brudeparet frå før, gav de oss meir eller mindre frie tøylar. Brura sin flotte kjole var gylden, og brudgommen skulle bruke Marine-uniform. Brudeparet skulle vigslast i Haakonsvern kyrkje, og festmiddagen holdast på Bellevue i Bergen. Fargane kvitt, champagne, gull og blått vart eit naturleg val, med Marine-uniformen og brudekjolen som utgangspunkt. På bryllupsdagen reiste eg avgårde, med gode hjelparar, og dekorerte borda først i den blå salen på Bellevue, og derettter kyrkja på Haakonsvern. Veldig kjekt og spennande:)
 
 
 Brudebuketten hadde mange detaljerte element, først ei sydd rose i champagnefarge, så ei sydd Marthalilje, med mansjett av gull. Lyse champagnefarga Phalaenopsis-orkidear, detaljar av Gypsophila, diamanthjerter og blå perler. 

 
Henget, som kjem ut av skaftet, vart laga av lengdar med chiffonbånd, Nellik-kronblad, Rose-kronblad og Gypsophila.
 


 
 Haakonsvern kyrkje, fantastisk fin! Me laga store søylebukettar med Gladiolar, Roser, Gypsophila, Steelgress og Marthaliljer med gullmasjett, og alterbukettar i same stil.
 
 
 
©
 

 
©
 
 
På ei rekkje av stolradene nedover langs kyrkjegolvet hadde me laga små bukettar med Gypsophila, Marthaliljer, strå og blå perler.


 
På Bellevue skulle me dekorera fire store runde bord. Laga høge dekorasjonar i stettglas, med Marthaliljer, Gypsophila, Roser, Phalaenopsis-orkidar, strå, gullkvistar, perler og chiffonbånd med pålimte Rose-kronblad. Sjølve bordet blei strødd med gullsteinar, Nellik- og Rose-kronblad, blå perler, blått silkebånd og kvite telys.

 
Den blå salen på Bellevue er utrulig fin, gjennomført ned til minste detalj. Og for ein utsikt!
 
 
Nærbilete av dekorasjonane.
 
 
 
Nydelig farge på Phalaenopsis-orkideane!

 
Bordet ferdig dekka i all si prakt.
 

 
Nærbilete av brudebuketten. De blå perlene i forskjellige størrelsar, dannar eit mønster utover de forskjellige Marthaliljekronblada.
 
 
 
Brudeparet!
© 
 
 
Ingvill