torsdag 28. februar 2013

Brudebukett med "Memory Lane" roser


Rund handbunden brudebukett med "Memory Lane" roser, og calla "Crystal Blush". Dekorert med perler og sølvhjarter. Rosestilkane fungerar som skaft til brudebuketten, med lilla bånd på.



 
Corsage/knappholsblome til brudgom/forlovar/fedre/brudesvennar osv.


 
Nærbilete av kirkepynten.

 
Kvite tre av syringreiner, med små lilla kunstige blomster, prydar kirka.

 
Lilla roseblader under trea..

 
Fint med dekor i kyrkja som gjer litt av seg :)

 
Bukettar på alteret. Desse dekorerar seinare i festlokalet.

 
Skjønnaste brudepika med ei lilla korg med roseblader ©


 
Her har brura fått sin brudebukett i hende...
©
©
©
 
Ingvill&Ailin
 
 
 

tirsdag 26. februar 2013

Brudebukett og bryllupsdekor...

 
...i lilla og kvitt... Ein lekker fargekombinasjon. Lilla er ein farge som finst i veldig mange fargetonar, og de aller fleste av de, passar fint saman. Brura er ei god venninne, og ønska seg kvitt og lilla. Utover det, gav dei oss frie tøylar. Brudekjolen var stilrein med lekre strassdetaljar. Me valgte å lage brudebuketten med ei sydd rose, såkalla "Glamelia", med mansjett og heng av Marmorlanterneplante (Ceropegia), lilla kronblader av Vanda-orkide', strassdetaljar, lilla perler og sølvhjerter...
 
 
 
©©©
 
 
Til å dekorere kyrkja, laga me 6 tre av Syrin-greiner, som fekk luftig blomsterdekor i lilla og kvitt. Trea stod som ein alle'  langs midtgangen. Trea tok me med til festlokalet, der nokre av de stod utanfor inngangen, og de andre inne i salen.

 
Til alteret laga me store bukettar med Levkøy i lilla.

 
Brudebukett i dråpeform...
 


 
Corsagen/Knappholsblomen til brudgommen var ei rose, dekorert med kronblad av Vanda-orkide' og eit strasshjarte.

 
Borddekorasjonar i kvitt og lilla sjølvsagt... På bordet strødde me i tillegg sølvhjarter, og lilla steinar.


 
Brudebuketten ligg på bordet foran brudeparet under middagen.

 
De nygifte!
©
 
 
 Og som brudeparet så fint sa det sjølv:
 
"Måtte lykken få gro
som graset bak do"
 
 
 
Ingvill&Ailin


tirsdag 19. februar 2013

Interiør...blomster...

...og snart VÅR !
Åh kor deilig da e med lysare morgonar, og enda bedre; lenger lys om ettermiddagen. Utanfor i jorda står krokusane og dirrar, kan nesten ikkje vente med å skyta opp og fram.... Heldigvis kan me juksa litt mens me ventar, og i butikken har me no både perleblomster, krokus og fylte tatzettar som duftar so deilig! I tillegg kjem da til stadighet nye og "freshe" interiørvarer, og da e jo så gøy! Fargar gjer oss GLAD! :) :) :)
 
 
 
Veldig lekkert lysbrett i ein fantastisk turkisfarge!

 
Kvite sinkbøtter i to størrelsar, Perleblomster oppi passar perfekt!

 
Kvisthjarte med Perleblomster på løk, heldt seg leeenge ute.

 
Perleblomster er favoritten akkurat no :)

 
Superfin klokke, 50 cm i diameter 399,-

 
Lykt til å henge på vegg, gråbrun med kronetopp! 50cm.
 

 
Fylte rosa Tulipanar... :)

 
Sommarfugl i brunt metall, kan og henge ute. 40 cm.

 
Sommarfugl som har landa på eit mosehjarte.

 
Friske Phaleanopsis orkidear til kun 199,-

 
Sink-ampel med fransk lilje under...FINE!

 
Betong-urne, fransk stil, med kvit Multiflora Phaleanopsis.

 
Ein svær fugleflokk har landa i butikken, her er ein av dei!

 
Bad til fuglane, egentlig...Men desse var so fine at de kan brukast inne til fruktfat, lysfat eller til blomster!

 
Skilt 99,-  :) :)
 
 
Ynskjer alle fine "mens me ventar på våren" dagar!
 
 
Velkomen innom butikken!
 
Ingvill&Ailin

onsdag 13. februar 2013

Valentins dag...

I morgon 14. februar er det VALENTINS DAG-alle hjerters dag... ©
 
Ein perfekt anledning til å gje blomster til nokon du er glad i. Enten det er verdens flottaste kjæreste, sambuar, kåna eller mann. Eller nokon andre du er glad i...
 
Rosespråket fortel oss dette om antallet:
 
3 røde roser: Eg elskar deg
7 røde roser: Eg er din for evig
12 røde roser: Sterkare kan eg ikkje uttrykka min kjærleik
 
Me har raude roser i fleng, og lagar til kva hjarte begjærar...
 
Ynskjer du at me leverar Valentins-blomster heim på døra til nokon, leverar me framleis fritt i Radøy. Ring og bestill blomster til nokon du er glad i på 56370200, eller send oss ein epost: post@blomsterverkstaden.no
Her ser de nokre bilder av kva Blomsterverkstaden kan tilby.
 
Ynskjer alle ein flott VALENTINS DAG © © ©
 











 
Valentinshelsingar frå
 
©Ingvill&Ailin ©
 



fredag 8. februar 2013

Blomster til MORSDAG...

No nærmar morsdag seg veldig! På søndag allereie! Me har laga mange flotte blomsterarbeid som står og ventar i butikken, og som du kan kjøpa med deg for å glede mor! Ynskjer du heller å sende blomster heim på døra, annonserte me onsdag i avisa Nordhordland med fri utkøyring i Radøy kommune i heile februar:) Me svarar telefonen om du ringjer 56370200, og leverar blomster same dag.
 
Me har brukt god tid på å velja ut de "rette" blomstrane til butikken nøye, og stor fryd var da når blomstrane vart levert til oss... De lekraste roser og tulipanar..... Tropiske orkidear, orkidear på bøyle, på hjerte, og bere heilt som seg sjølv! Avskårne Cymbidium orkidear; perfekt i bukettar! Blåklokker(Campanula) fylte Ildtoppar, Hortensia, Perleblomster, Duftranke og Narcissar står på rekka og rad...
 
Kvelden har gått med til å binda håndbundne bukettar, som står spente på kjøl i vasane sine, og gledar seg til du kjem!
 
Her får de sjå eit utvalg av blomstrane som kan finnast her hjå Blomsterverkstaden.
Fredag har me ope til kl 19.00
Laurdag utvidar me opningstida ein time for di skuld til kl 16.00 :)
 
Då gjenstår da bere å ynskja deg hjartelig velkommen!!!
 
 
 
 
Sjeldant lekre fylte tulipanar i krem og mørk rosa.

 
Morsdagsbukett med roser, voksblomst, cymbidium og eucalyptus... Og eit hjarte so klart!

 
Enkel rose i hjartesølvskål med grønt.

 
Sølvhjarteskål  med 3 raude roser..

 
Dekorasjon i rødt til mor.

 
10 stk raude roser med eucalyptus og strå: 199,-

 
Raudt er kjærleikens farge..

 
Kjempefine haldbare Ceropegia(Marmorlanterneplante) på hjartebøyle. Med potte/pynt 299,-

 
Fiiiiine "Acapella" roser!

 
Lekker bukett til mor! Frå 229,-

 
Litt av butikken i lilla/rosa/sølv/grønt/grått/kvitt....

 
<3

 
Stilige "Corokia" (nokon kallar desse for de døde trea....) Dei er høgst levande, men med sin svart-grå stamme, og sølvgrå blad, kan samanligninga forsvarast..

 
Deilige kjempesvære Hortensia.

 

 
Orkidear på hjartebøyle i glasspotte med sinkhjarte "til mor".
Berre orkideen på hjartebøyle 279,-
Og kvite Duftrankar...og KROKUS!

 
Store skåler med blå Muscari...perleblomster...kan plantast ut i hagen sia!

 
Superfine Phaleanopsis 199,-

 
Vår heim i stova? Lilla og rosa tulipanar med kvist og gåsungar...

 
Frisk og vårlig plantegruppe.

 
Frodig bukett i rosatonar...
 
 
Me sjåast!
 
 
Ingvill&Ailin