Viser innlegg med etiketten Hageavdelingen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hageavdelingen. Vis alle innlegg

mandag 24. mars 2014

Kjenner du at det kriblar?


For ein utrulig flott dag det har vert idag! Sååå deilig med sol og blå himmel!





Hjå meg boblar det med lyst til å gjere noko i hagen, det er full fres i staudar, løkar og til og med rosene er skuddklare!  I butikken er det fylt opp med uteplantar til gode prisar.
Fleirårig Vårlyng 3 for 100,-
 og minipåskeliljer Tete'a'Tete, 5 for 69,-  :-) 



Dette mosehjarta laga eg rundt morsdag. Tatzetten "Bridal Crown" og Tusenfryd.



Perleblomster, Muscari Armeniacum, er ein favoritt i hagen. De står lenge, duftar fantastisk, og formerer seg i akkurat passe tempo. De er også veldig fine å ha inne i ei potte, som alternativ til bukett.
Har både blå og kvite i butikken.



Fritellaria Meleagris er også ein favoritt. Dei vert også kalla Ruteliljer, fordi de har eit fint rutemønster i blomsten. Eit anna navn er Vipeegg. Den opprinnelige hagen her er meir enn hundre år gamal, og då eg for 10 år sidan begynte å ta "krattet" i nærare augesyn, vaks desse nesten overalt i hagen. Eg har tatt møysommelig vare på dei eg fann, i tillegg har eg planta mange nye. Dei som har erfaring med liljebiller, eller lakkbiller, knallraude lilje-etande kryp, veit kanskje at Fritellaria er ein favoritt. Nettopp derfor har eg planta mange Fritellaria, for eg har nemlig også mykje liljer. Og fordi Liljebillene går på Fritellarian lenge før liljene viser seg, rekk ein å få bukt med Liljebillene, før de rekk å formere seg så voldsomt, og ete opp de fine liljene :) De er mykje lettare å sjå på Fritellarian, fordi resten av hagen enno ikkje har rukke å verte så fargerik. 


Stemorsfiolane er på plass, i mange lekre fargar. Desse toler ned mot fem minusgrader, så de kan fint plantast ute no. Deilig med litt farge på trappa eller inngangspartiet.



Bellis, eller Tusenfryd, toler også fint nokre minusgrader. Desse får du glede av leeeeeenge, om du hugsar å knipe av litt visne blomster i ny og ne. Hjå Blomsterverkstaden får du 3 stk for 100,-


Krokus er nestan like tidlig som snøklokkene med å stikke nasa opp or jorda, har både gule, kvite og blå. Herlig!

Om hagegleden skulle gripa fat i deg denne veka, har eg ope 10-16.30 Man-tors og til 19.00 på fredag.

Ynskjer alle ei fin veke i sola!
Velkommen i Smedbrekka :)


Ingvill

lørdag 7. september 2013

Tilbud på haustplantar, og salg på hageplantar!

Framover har Blomsterverkstaden salg på hageplantar, staudar og busker.
Store staudar -50% og alle små staudar 5 stk for kun 100,-!
Halv pris på hageroser, lauvfellande busker som Spirea, og på solbærbusker. I tillegg er det halv pris på alle vintergrøne busker, og minus 70 % på ein serie korgpotter.
Ellers har me mykje fine haustplantar 3 for 100,-
Så gode mulighetar for mange gode kupp!
September og oktober er fine månader å plante i, de rekk å rota seg godt i bakken før frosten kjem, og de kjem då tidleg i gang til våren igjen. Vinn-vinn :)
 
 
Knallfine busk-Calluna lyng, store tofarga kvit/lilla kun 149,-
 
Lekre Sølvtråd, Calleophesalus, står fint utover vinteren og:)
3 stk for 100,-
 
 
Sjeldant flott fleirårig lyng Calluna "Lemon Lime" i lysande gul-grønn farge med lyserosa blomster! 3 stk for 100,- 
Har og fine hjerter og kransar til dør eller eventuelt grav no på hausten, bildet viser ein dørkrans med kvit lyng, og skjønn liten fugl:)
 
Kvite Pyntekål 2 for 100,-
 
 
Flotte frynsete lilla Pyntekål 2 for 100,-
 
 
Halv pris på store stauder, her lilla Høstfloks.
 
 
Ettårig lyng, Erica, med kraftig rosa farge 3 for 100,-
 
 
Haustanemone i lys rosa.
 
 
Knallfine Takløk med #spindelvev", alle Takløk og Sedum 3 for 100,- Desse er og fleirårige, og likar seg på tørre, skrinne stadar.
 
 
Idag, lørdag, har me ope til 15.00, velkommen innom for trivelig hagehandel, og gode råd får du med på kjøpet ;)
 
 
Ingvill

tirsdag 4. juni 2013

Urter og Grønsaker :)




Idag har me fått påfyll i butikken av urter og grønsaker. Desse kjem ifrå Sigurds Øko Planter på Leiknes. Altså lokal produsent, = kortreist vare! Da likar me! Sigurd hadde med seg skikkelig fine planter, skal definitivt testa ut blomkål, tenkt så gøy å henta blomkål i hagen:)))))))
I tillegg til blomkål, fekk me purre, basilikum, timian, kruspersille og flotte eksemplar av blomkarse og:)



I forrige veke fekk me sukkerplanten Stevia, som er naturleg søt. Ingen kaloriar, og gjer heller ingen blodsukkerstigning! Kan brukast i for eksempel te, eller laga avkok, og bruka dette som erstatning for sukker i ulike typar matlagning. Mange oppskrifter å finna på Google.




Me fekk også nyleg inn litt tomatplantar, av sorten Ace 55VF. Blir ca 1,5m høg, med store tomatar, som smakar søtt og godt :)

I tillegg til de avbilda variantane har me også mynte, oregano, grasløk og løpstikke for salg:)

Skulle lysten på eigen grønsakshage slå inn, er du hjertelig velkommen til oss:)

Ingvill&Ailin

torsdag 30. mai 2013

Hage og interiør

 
 
Litt stille på bloggen siste tida, men med konfirmasjon, 17.mai, og andre ting som skjer, vert da av og til slik:) Fleire bryllup har me også vert i sving med, eigne innlegg om dette kjem! Blomsterverkstaden har eigen uteavdeling, som no bugnar av lekre sommarblomster, staudar, vintergrønne busker, urter, jordbærplantar, forskjellige tre og busker. Og når det er så deilig ver som det har vert idag, er det so kjekt å pusle med uteplantane:) Skikkelig sommarsdag! Staudeutvalget kjem me også til å skrive litt om, men kan sei sopass at alle er valgt ut ifrå eigen erfaring, både med hensyn til hardførhet, korleis de oppfører seg, og de fleste er valgt med tanke på at sniglane ikkje skal la seg begistra so veldig..... :) Syns godt dei kunne ete utelukkande løvetann!
 
Ein av levarandørane våre i Danmark har desse veldig fine etasjefata, med heile fem høgdar. Nokon ville gje eit slikt i bryllupsgåve, med noko ekstra.

Me valde å laga Chrysanthemum-kuler i ulike størrelsar tilpassa de ulike fata. Reint og enkelt, men samtidig noko meir

Me har tidlegare hatt denne pokal-potteserien i sølv, som mange har fått glede av, no har me også fått den i kvitt! Superfine!

Her ser de den i sølv, fått ny ladning! :))

Deilige Stemorsfiolar i lysegult... Ååååå so vakre!




Kremgule Potteroser som matchar Stemorsfiolane..


Sink-potter med fugl og Magnolia-trykk i to størrelsar.

Brunt smijernsstativ til potte med VELCOME skilt. Korger i mange ulike størrelsar har me, og sjølvsagt flotte busk-Margerittar.

Stilige hage-ugler, 40 cm høge.

Staselige sink-urner i størrelsar, med løve-ring på sidene, og bord oppe. Store!

Og lekre sommarfugl-Lavendelbusker. Blomstrar heile sommaren!

Krone-espalier i to størrelsar til klatreplanter. Denne veka fyller me opp med mange ulike klatrarar; Clematis, Lonicera, Eføy, Pasjonsblomst og ikkje minst Blodbeger. Fantastisk riktblomstrane, i lekker raudlilla farge.

Me har også eit godt utval med Rhododendron, "Markeetas Prize" mellom anna, som blomstar no, med gigantiske blomstrar!


Til slutt ein av årets favoritt-nyheiter, SVARTE Petunia!!!! Og for ein av oss som elskar svarte blomster; FOR ein glede!! :)))))))

Ynskjer alle hjarteleg velkommen innom til oss, har du spørsmål rundt hage/bed/plantar ta kontakt, me hjelper deg gjerne! :)


Ingvill&Ailin