torsdag 19. desember 2013

Eg lurar på om alle..







...er i havn med julegåvene? Om ikkje har Blomsterverkstaden mykje lekkert interiør!



Tøff pute frå Nordal med tigermotiv 299,-




Metallboksar med tall frå Nordal i 3 størrelsar 249,- 349,- 449,-



Kvite nissar i rå-keramikk liten 139,- stor 179,-



Nesten 60 cm høge keramikknissar 429,-



Lekre glassvasar med fugl på frå Nordal.



Lekker STOR klokke (ca 1  m i diameter) 1699,-
Har kun ei igjen!


Vindusprosse, nostalgisk 60 x 80 cm  599,- 1 igjen!



Skjønne hestar i lett-sement



Lekre soppar i to størrelsar, ca 10 cm og 20 cm,  59,- og 119.-


Og sjølvsagt finn du mykjemykje meir...
Ta kontakt om du lurar på noko!



Ingvill 

tirsdag 17. desember 2013

Konglekul gåveinnpakking!



Årets lekraste gåvepapir? Gråpapir med svart kongletrykk!

Julegåvene du kjøper hjå Blomsterverkstaden, vert om du ynskjer pakka i dette fine papiret:)
Har sjølvsagt rødt og andre typar og.




Ha fine dagar før jul!

Blomster bestiller du på 56370200 eller  post@blomsterverkstaden.no



Ingvill

mandag 16. desember 2013

Juletre og opningstider!


No er alle sortane med juletre komen på plass :) Blomsterverkstaden har Koreaeldelgran, Fjelledelgran, Normannsedelgran, Engelmannsgran og norsk gran i utvalet. Koreaedelgrana har som mange kanskje huskar frå i fjor, KONGLAR! :)

Trea er lokalprodusert, på Radøy!
:)

Opningstidene vert slik fram til jul:

Måndag-Fredag 10.00 - 20.00
Laurdag 10.00 - 16.00
Søndag 13.00 - 18.00
Lille Julafta 10.00 - 20.00
Julafta 10.00 - 13.00





Ellers har me stort utval i juleblomster, julegrupper, gravkransar,dørkransar, gravlykter, gravdekor, fuglenek, sypressar og andre hageplanter til trappa, stort utvalg snittblomster, bukettar og dekorasjonar, interiør, og sjølvsagt sel me gåvekort!

Blomsterhelsingar bestiller du enkelt på 56370200, eller send ein epost til post@blomsterverkstaden.no

Sjå og heimesida www.blomsterverkstaden.no


Ynskjer alle ei fin veke!

Ingvill

torsdag 12. desember 2013

Mose, Lerk og kvite Tulipanar...





...saman i ein lekker krans. Sorgbinderi er ein del av kvardagen i ein blomsterbutikk, og for mange kundar betyr desse arbeida mykje.
 Blomsterarbeidet skal symbolisere ei siste helsing, og vere med på å uttrykkje dei kjensler ein har, for personen som no ikkje er meir.
For meg som blomsterdekoratør, er det derfor viktig å skapa arbeider med det rette uttrykket.



Til denne kransen var stikkordet vakker.



Naturmateriale som lerk og mose, ilag med kvite tulipanar, føltes riktig til denne kransen, både med tanke på kven den var til, og kven den var frå.  



Materialkontrasten, mellom lerk og tulipanar,
 synes eg berre er så fin.


Y



Blomsterverkstaden lagar alle typar sorgbinderi, kistedekorasjonar, ulike kransar, hjartekransar, hjarter, puter, rondellar, tepper og bårebukettar. Med eller utan sløyfe.
Leverar til Manger, Hordabø, Sæbø og Emigrantkyrkja på Sletta. Ynskjer ein levering til andre nærliggande kyrkjer, ta kontakt. Vil du hente sorgbinderi og ta det med deg til kyrkja, kan du sjølvsagt også det.

På Blomsterverkstaden si heimeside ligg eit eige bildegalleri med sorgbinderi.


Har du spørsmål, nøl ikkje med å ta kontakt. 56370200.

Ingvill

mandag 9. desember 2013

Nostalgi.....



Eit av mine kjæraste barndomsminner, er at eg plukka bøkehamsar ilag med bestemor. Rett bakom blokka der besteforeldra mine budde stod eit svært bøketre, og under det stod ein benk og eit leikeapparat.

Mykje av tida ilag med bestemor blei tilbrakt i nærleiken av ein skog, eit tre, ei busk, eller ein blomst, og nasa var alltid retta mot jorda...  




Bestemor hadde stor skaparglede, holdt alltid på med eit eller anna. Porselensmaling, rosemaling, hekling, sydde noko, sådde frø, stelte med blomster og plantar. På eit tidspunkt fekk ho til og med ei rose oppkalla etter seg. "Fru Michelsens månerose".
Det er ingen tvil om at mykje av mi skaparglede kjem ifrå bestemor, og at mine kreative anlegg er arva hjå henne.
Det same gjeld blomstergleden, og mykje av kunnskapen om plantelivet.
Et av de første latinske blomsternavna ho lærte meg, Helleborus Niger, som er Julerose, er idag ein av mine absolutte blomster-favorittar.



Det eg egentlig skulle skrive om, var desse kulene av bøkehams. Det er mangemange år sidan eg laga den første, og det har blitt eindel sidan den gong. Nytt i år er desse kjempestore :)
Treng nødvendigvis ikkje pakkast vekk etter jul, dei er fine heile året. I butikken min, Blomsterverkstaden i Smedbrekka på Manger, har eg desse kulene i tre størrelsar. De aller største har eg kun to av, og eg kan med sikkerhet sei at om da skulle vere behov for fleire, treng døgnet fleire timar før jul!
Fin julegåve kanskje?


Ingvill.

Kan du gjera nåke gøy med denne?





Av og til får ein oppgåver litt utanom det vanlige. Det er sjølvsagt veldig kjekt, og med frie tøylar, kan ein virkelig ta seg ut:)
Denne kassen kom på disken ein fredag, og spørsmålet var; Kan du gjera noko gøy med denne?

Ja! Sjølvsagt kan eg da! 



Med eit budsjett og forholda seg til, og ein viss hentydning til størrelse, fekk eg ellers frie tøylar :)



Resultatet vart altså eit blomsterarrangement, i lilla,grønt og rosa.

Kva som helst kan dekorerast med blomster, kun fantasien begrensar...

Ynskjer du noko blomsterdekorert, ta kontakt, me hjelper deg gjerne!
Sjå og heimesida www.blomsterverkstaden.no  /Flaskedekor, for meir inspirasjon!


Ingvill

lørdag 7. desember 2013

Eg er så glad...

...i desember! Desember er ei herlig tid i blomsterbutikken,til tider hektisk, men det er jo så gøy! Butikken er fylt med lekre blomster,og julepynt i all slags fargar og stilar. Ugler, fluesoppar, istappar og snøfnugg...Nissar, englar, fuglar og kuler... Rødt, kvitt, sølv, gull, lilla og brunt. Glitter og stas :) 







Skjønne fluesoppar i keramikk til telys; 79,-



Lekker stor fluesopp i glass, vart solgt før eg eingong rakk å legga den ut... :) På sida står Stovegran, fin grønn plante, ser ut som eit juletre, så den passar fint no i desember!



Fiiiiine!



Ein vakker dørkrans hører jula til, Blomsterverkstaden lagar i mange forskjellige størrelsar og med ulike fargar og dekor. Bildet viser ein tradisjonell dørkrans med Nobelgranbar, lerk, konglar, dompapar og sjølvsagt raud sløyfe :)


Kule Stovegranar :)



Blomsterverkstaden lagar julegrupper og pyntar juleblomster i mange ulike variantar. Hjå oss finn du noko for einkvar smak:) Me leverar blomster i  Radøy, og formidlar blomster til heile Norge.

Ynskjer du å bestille blomster, ta kontakt på telefon 56370200 eller send ein epost til post@blomsterverkstaden.no
Sjå og heimesida vår www.blomsterverkstaden.no



Ingvill



fredag 6. desember 2013

Eg syns at...


....lilla blomster er så fine!
Snart 2. søndag i advent, denne første veka i adventstida har flydd avgårde.
Lilla har vert fargen denne veka, viser idag nokre av de lilla blomsterarbeida :)


Dekorasjon med Memory Lane roser, lilla Vanda orkidear, voksblomst og lilla stjerner.


Desse stjerneskålene i glass har vert veldig populære, men har enno nokre få igjen :)
Her med dekorasjon i kvitt og lilla.


Anthurium er knallfine, og veldig undervurdert syns eg egentlig... De kjem i mange fine fargar,og står lenge :)
Denne dekorasjonen var til nybakte besteforeldre!


Adventsdekorasjon i lys lilla og kvitt, med lekre lys lavendelfarga vanda-orkidear.


Lilla julestjerner får du no til kun 49,-



Stor bukett med lilla nellikar og voksblomst, med et par englevinger til ei nybakt mamma.... Y


Kondolanse-bukett med kvite Amaryllis og lilla Vandaorkide.



Nellik "Moonlite"


Dekorasjon i lys lilla og grønt.


Englepar i kvitt og sølv.



Kvite englejenter.




Butikken bugnar no av blomster til advent og jul, julepynt, kranser til dør og grav.

Sjå og heimesida til Blomsterverkstaden AS : www.blomsterverkstaden.no

Og ynskjer du å bestille blomster, gjer du det enkelt på telefon 56370200 eller på epost


Ynskjer alle i fin helg,og fortsatt fin adventstid!

Ingvill 

onsdag 27. november 2013

Jula nærmar seg...





Allerede til helga er november over, og me går inn i julemånaden desember... Ei herlig tid, med fin stemning. Blomsterverkstaden har fått på plass det meste av julepynt og dekor, noko av det kan du sjå på julemessa i Radøyhallen på Manger i helga, ellers er du hjarteleg velkommen ein tur i Smedbrekka i butikken. Iløpet av neste veke kjem og nokre av juletrea eg merka tidlegare i høst. Sjølvsagt med konglar og! Her kan du lesa juletreinnlegget frå ifjor :) 


Lekker julepynt i tre fra Nordal. Sett med 4 design, 3 av kvar.


Fine englar i kvitt og sølv. 3 størrelsar
Blomsterverkstaden har stort utvalg av kransar til dør og vegg, inne eller ute. Her er ein med kvist og konglar.
Knallfine kvite kjeglenissar med grått skjegg. Heile 60 cm høge kostar 429 :)
Å lage kuler av bøkehams, har eg gjort i mange år. I år har eg også laga nokre skikkelig store :)
Mykje fin julepynt i glass,mellom anna desse snøkrystallane. Har også istappar,og glassfuglar.

Fin hest i lett-cement.
Kronhjortar i to størrelsar, skikkelig fine!


Lekre soppar i to størrelsar i ubehandla keramikk. Sa eg at de va lekre?!




No til helga, lørdag 30. november er det Julemesse i Radøyhallen på Manger,
fra 12-17!

Blomsterverkstaden er på plass, med stort utvalg i dørkransar og hjerter, mykje fin julepynt, juleblomster, adventsblomster, plantar til trapp og inngangsparti, dekorasjonar og mange fine kransar og hjerter til grav.

Ynskjer alle hjarteleg velkommen!


Ingvill

fredag 8. november 2013

Farsdag på søndag!



Førstkommande søndag er det farsdag :) Blomster gledar FAR, og Blomsterverkstaden har stort utvalg i ulike bukettar og plantar. Me leverar blomster i heile Radøy, og kan bringa di blomsterhelsing til far heim på døra! Bestill enkelt på telefon 56370200 eller send ein epost til oss:)


Bukett med raude Roser, Hortensia, mosekuler,nellik, strå og hjerter. 299,-

 


Lekre langstilka raude roser, 7 stk for 169,-



Amaryllis fins i mange lekre fargar, og er jo så holdbare! Sesongen er forholdsvis kort, så det er berre til å benytta muligheten men ein kan! Ein lekker bukett med 2-3 Amaryllis og litt pynt til skulle gjera nokon glad ;)




Ein av mine absolutte favorittar, Vanda orkide "Chocolate" Lekker farge med fint mønster, og så står de jo sååååå lenge! 



Den perfekte Farsdagsgåve?


Kvit orkide med moseklump i lekker glassvase, pynta med hjerter.





Amaryllis "Mocca"  49,-


STORE  flotte kvite Azalea :)




Store plantar med Novemberkaktus




Ope fredag 10.00- 19.00
Laurdag 10.00-15.00
Ynskjer alle ei fin helg og ein kjekk farsdag:)

Ingvill