Allerede til helga er november over, og me går inn i julemånaden desember... Ei herlig tid, med fin stemning. Blomsterverkstaden har fått på plass det meste av julepynt og dekor, noko av det kan du sjå på julemessa i Radøyhallen på Manger i helga, ellers er du hjarteleg velkommen ein tur i Smedbrekka i butikken. Iløpet av neste veke kjem og nokre av juletrea eg merka tidlegare i høst. Sjølvsagt med konglar og! Her kan du lesa juletreinnlegget frå ifjor :)
 |
Lekker julepynt i tre fra Nordal. Sett med 4 design, 3 av kvar. |
 |
Fine englar i kvitt og sølv. 3 størrelsar |
 |
Blomsterverkstaden har stort utvalg av kransar til dør og vegg, inne eller ute. Her er ein med kvist og konglar. |
 |
Knallfine kvite kjeglenissar med grått skjegg. Heile 60 cm høge kostar 429 :) |
 |
Å lage kuler av bøkehams, har eg gjort i mange år. I år har eg også laga nokre skikkelig store :) |
 |
Mykje fin julepynt i glass,mellom anna desse snøkrystallane. Har også istappar,og glassfuglar. |
 |
Fin hest i lett-cement. |
 |
Kronhjortar i to størrelsar, skikkelig fine!
|
 |
Lekre soppar i to størrelsar i ubehandla keramikk. Sa eg at de va lekre?! |
No til helga, lørdag 30. november er det Julemesse i Radøyhallen på Manger,
fra 12-17!
Blomsterverkstaden er på plass, med stort utvalg i dørkransar og hjerter, mykje fin julepynt, juleblomster, adventsblomster, plantar til trapp og inngangsparti, dekorasjonar og mange fine kransar og hjerter til grav.
Ynskjer alle hjarteleg velkommen!
Ingvill
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar