onsdag 25. mars 2015

Distriktsmesterskap i Blomsterdekorering 2015



Årets distriktsmesterskap i blomsterdekorering gjekk av stabelen i helga, lørdag 21. mars i Knarvik Senter. Oppgåvene fekk me torsdag morgon.
Oppg 1: Lag en moseform og dekorer denne!
Oppg 2: Dekorer det utleverte bordet!


Me fekk halvannan time til disposisjon på kvar oppgåve. Me måtte sjølv medbringa dei blomstrane me ville bruka, men innanfor eit bestemt budsjett. I tillegg kunne me hausta naturmateriale, og ta med oss.


Her er me klare til dyst, Trude konkurrerar i B.klassen, for dei utan fagbrev, eller mindre enn 4 års erfaring i blomsterbutikk. Ingvill konkurrerar i A-klassen, med fagbrev, eller med meir enn 4 års erfaring.


Trude valde å laga ein mosepute, og dekorera denne med kvite og grøne blomster.



Me fekk utdelt ei øskja med flatmose, men i tillegg hadde både eg og Trude med oss mose som me fann ute.



Trude sin mosepute, med Gypsophila, Bjørk, Voksblomst, Fresia, Steelgress og Chrysanthemum.



Eg valde å lage eit hjarte av mose, dekorert med gule blomster.



Mimosa, Greinroser, Fritellaria, Chrysanthemum og Hyacintar.





Her er Trude igang med å dekorere det utleverte bordet. Me fekk eit svart "Lack" bord ifrå IKEA. Montere det sjølv måtte me og ;)



Deilige vårfargar!





Nærbilete av Ranunklane eg valde å bruka i bordekoreringen... Vakre!


Eg hadde med mange store greiner med Hassel, som eg stripsa fast til bordet med limegrøne strips.


Her nærmar arbeidet seg ferdig, Viburnum, Nellik, Steelgress, Hyacintar, Fresia og Ranunklar.


Siste finish...


Det er alltid kjekt å konkurere, og i år var det veldig mange deltakarar i begge klassar! :)
Laurdagskvelden var det festmiddag på Grand Terminus i Bergen, med diplom og premieutdeling, og til slutt dommargjennomgang av oppgåvene. Både eg og Trude fekk svært gode tilbakemeldingar, og lærte mykje av det dommarane hadde å seia. 
Det var tett i toppen i år, og Ingvill fekk 8. plass, som eg er godt nøgd med i år.
Trude endte på ein imponerande 6. plass i B-klassen!
 De fleste i denne klassen er 1. og 2. årslærlingar, med eit år på blomsterdekoratørlinja først. Trude har jobba hjå Bomsterverkstaden sidan september i fjor, og har ingen relevant utdanning eller erfaring med blomster før dette, så eg er utrulig stolt og glad over Trude sin prestasjon! Ho er flink!

Me er begge erfaringar rikare, og hadde ei utrulig kjekk helg! No er det berre å gleda seg til neste års mesterskap!

Ha ein fin kveld :)















onsdag 11. februar 2015

"Bie elsker Blomst"



Det er tida for å så frø, eller planlegge frøsåinga i april, mai :) Blomsterverkstaden har fått inn ein kolleksjon med frø, som kallast "Bie©Blomst" Dette er eit samarbeidsprosjekt for å auka bestanden av bier i Norge. Norges Birøkterlag, hagebloggen Moseplassen og Det norske hageselskap, har ilag  med Nordic Garden, satt samen eit utval frø og løk som er veleigna for pollinerande insekt.


Eit godt utval frø og urter, mange kjente blomstertypar som er lett å få til. Ein av de spanande variantane er kvit solsikke! :-) Mange av sortane er etande, tenk så gøy å servere kvit blomkarse i salaten? :-)


Det er også nokre urtetypar i utvalet, og me har såpotter og såjord.


Du kan også få med ein fin brosjyre med mykje informasjon om prosjektet, veiledning til frøsåing, oppskrifter og andre gode tips.


Nedanfor finn du lenke til kva Anne Havåg Holter-Hovind har skrive om prosjektet på sin blogg Moseplassen :-)

Kom innom då vel og sjå utvalet, eller slå på tråden om du har spørsmål!

Ha ein fin dag!

Ingvill Marie