torsdag 14. mars 2013

Inspirasjonskveld:Tema bryllup og festbord (Del 2)

Her kjem resten av bilda frå inspirasjonkvelden me var på, med ein av våre leverandørar, Nilsen Dekor. Temaet var dekor til bryllup- og festbord. Dyktige Camilla Dversnes frå Camillas Blomsterdesign i Kristiansand, trylla fram de lekraste borddekorasjonar, nokre brudebukettar, og var til inspirasjon på mange måtar. Ho har laga alle arbeid de ser på bilda.
 
 
 
Kvistar med Syringreier, i enkle vasar. Vårleg og lekkert!



 
Mange små glass og vasar med blomster i lillatonar. Kan setjast på bordet i grupper.

 
Lilla borddekorasjonar.


 
Romantisk brudebukett.

 
Glassbollar med sølvhjerter, roser og strå.

 
Sommarlige borddekorasjonar i forskjelige størrelsar.

 
Til slutt eit blomstersmykke, superflott til fest! Blomstrane kan skiftast ut, sånn at smykket kan brukast fleire gonger. Skal du gifte deg, kan jo det vere fint at forlovaren har eit slikt blomstersmykke? Me lagar smykke i mange ulike fargar og design, ta kontakt ved spørsmål :)
 
 
Ingvill&Ailin

søndag 10. mars 2013

Inspirasjonskveld:Tema bryllup og festbord (Del 1)

 
I forrige veke inviterte ein av våre leverandørar, Nilsen Dekor, til bryllup- og festbords inspirasjonskveld. Dyktige Camilla Dversnes frå Camillas Blomsterdesign i Kristiansand, trylla fram de lekraste borddekorasjonar, nokre brudebukettar, og var til inspirasjon på mange måtar. Ho har laga alle arbeid de ser på bilda. Veldig kjekt med slike kveldar, nye idear veks fram, og å treffa andre "blomsterfolk" :)
 
 
Lekre syrintre...

 
Brudebukett med tulipanar og blonder.

 
Enkle vasar med blomsterstilkar vert effektfullt, når ein set fleire saman.

 
Fine borddekorasjonar i forskjellige størrelsar, i vår-sommarfargar.

 
Anemoner er så fine!!

 
Syrin og Fresia.

 
Kvitt, grønt og sølv....lekkert!!

 
 

 
Fresia og Fritellaria.

 
Runde glasskåler, med strå og blomster i kvitt og grønt.

 
Liljekonvallar i glass, pynta med perler og hjarter, veldig fint å bruke til både konfirmasjon og bryllup i april/mai.

 
 

 
Liljekonvallar vert å finna i butikken om få dagar :)

 
Fleire små glassvasar satt saman, og pynta med Gypsophila og Lijlekonvall.
 
 
Camilla viste oss endå fleire arbeid, desse i lilla/rosatonar. Så om kort tid kjem eit innlegg til med bilder av resten ;) ;)
 
 
Ingvill&Ailin


lørdag 2. mars 2013

Brudebukett i lilla med Hortensia og Orkide'

 
Den vakre brura Marit med sin brudebukett...
Ho ønska seg Hortensia i fargen antikk lilla. Undersida av brudebuketten er kledd med lys lilla Calluna-lyng. Me har og brukt den veldig flotte Vanda-orkideen "Black Magic Purple" i buketten.
Marit sin brudekjole var utrulig fin, med stort skjørt, fleire lag og mange detaljar. Me valde då å lage ein litt stor brudebukett, med rein rund form, utan heng, for å skape fin balanse med kjolen.
 

 
 

 
Nærbilde, her viser detaljar av strass-sommarfuglar i lilla og sølv, og eucalyptuskvistar.

 
Corsage/Knappholsblome til brudgom, forlovar, brudens far og brudgommens far.

 
Me var og avgarde og pynta kyrkja. Laga to store hjarter av lilla Calluna-lyng, og dekorerte de med Vandaorkidear, og Eucalyptus.
På alteret satte me enkle stilkar med Hortensia.

 
Hjartene stod på kvar si side av trappa som går opp til alterringen. Desse blei brukt som dekor i festlokalet seinare på dagen.

 
Brura hekla superfine "vasar", kledde glas med desse, og dekorerte med silkebånd, perler og papirblomster.

 
Me sat oppi Hortensia, Vandaorkide' og pynta med Eucalyptus og kvite perler.

 
De nygifte!
 
 

©©©
 
Ingvill&Ailin