tirsdag 30. oktober 2012

Besøk frå Danmark!

 
 
I går kveld fekk vi besøk av ein veldig hyggelig dansk seljar som heiter Niels. Han kjem frå firmaet Nielsen Dekor, som leverar lekre ting til blomsterbransjen i  Norge og Danmark.
 
 
 
Nielsen Dekor har "showroom på hjul", det vil sei at då Niels kom i Smedbrekka igår, vippa han ut trappa til oss bak på lastebilen, og vi kunne tre inn i Nielsen Dekor sitt rike! Varmt og godt var det, og Niels kunne by på FazerMint :)
 
Inspirasjonsbilete over, viser noko av det vi bestilte hjå Nielsen. Kjempefine sinkpotter med kronekant, og lyshaldarar som passar til. Dette skal det verte fiiiine juledekorasjonar av!
 
Om ikkje veldig lenge no, kan de ta turen til Blomsterverkstaden og kikka på alle de andre lekre varene vi har kjøpt heim!!!
 

 
 
Ingvill&Ailin

søndag 28. oktober 2012

Maskinverkstaden sin era er over

Denne helga sendte vi ungane til snille besteforeldre, slik at vi kunne få god hjelp av menna våre og kunne vera til stades begge to. Veldig effektivt fann vi ut etterkvart som den eine tingen etter den andre vart gjort på kortens tid :-)

Vi har blandt juletremerking og anna, jobba intensivt med å tømma maskinverstaden for tunge maskiner!


 
Biletet seier vel litt om kva dimensjonar vi snakkar om.
 
 Det er tilbake til ei tid kor det var maskiner som vart dreven av tannhjul og reimdrift. Ein blir litt nostalgisk og imponert over tida som har vore! Det er fantastisk å sjå korleis smia har fungert i desse to romma. Det blir å lyga dersom vi ikkje seier det er litt stas at vi kan "pusta" liv i desse veggane igjen, og det skal igjen komma folk for å sjå og kjøpa dei fine tinga som vi skal ha i Blomsterverkstaden AS.
 

Sterke "manna" er god og ha!! Hadde det ikkje vore for dei flotte menna våre, hadde det ikkje blitt Blomsterverkstaden AS.
 
 
 
Dette er er boremaskin frå rundt 1950. Den, i likhet med dreiebenken på bileta over vart heisa med heisekran frå maskinverstaden til smia.
 
 
Skrifta på veggen.
 
 Vi finn fleire slike detaljar i maskinverkstaden! Ettersom vi skal ha butikken i desse flotte lokala, som virkelig har sjel i veggane, har vi lyst å bevara noko frå den tida som har vore.
 
 
 
Eit nærbilete
 
 
 
Til slutt ein "happy worker" i veldig skittent "brakkespeil"!
 
 
Ingvill&Ailin
 
 
 
 
 
 
 


Du grønne glitrande...


...tre...juletre!  Blomsterverkstaden skal i desember selja juletre! Desse vert nøye utvalgt av oss, og hogga rett før de vert levert i Smedbrekka:)  I helga har me merka mange av trea ein kan få kjøpt heim til jul. Me merka denne gongen Koreaedelgran, Abies Koreana, kjempefine juletre, faktisk veldig ofte med konglar. Dei duftar også meir enn andre tre, litt som frisk citrus...

 
På vei ut i felta, sludda det noko heise, men idet me steig ut av bilen, forsvant skydekket, og sola skein som aldri før... Deilig å vere i skogen når det er sånt vær!
 
 
For mange born er juletre-henting eit høgdepunkt, enten det er i skogen eller hjå juletrehandlaren.
I år vil alle dei som handlar juletre hjå Blomsterverkstaden a/s, få med seg heim eit lite norsk gran tre,
som borna kan disponera til eige bruk dersom de ynskjer dette. :)
 
Ingvill&Ailin

torsdag 25. oktober 2012

Spisestovekontor og varebestilling..


.. her sitt vi og kosar oss. Vi har kvar vår pc og vi trykker bestill på alt som er fint.. nesten :-)
Dette er kjempegøy og føles ikkje som jobb i det heile!

'
 
De kan gleda deko, det gjer i alle fall vi!!
Ingvill&Ailin


onsdag 24. oktober 2012

Den spede start.....


Endelig i gong med å forbereda til butikkopning i Smedbrekka... :)
På bilde ser de karane heisa "brakko" på plass, som skal fungera som lager og "verkstad"!
Litt trongt i tunet, men dei fekk den no på plass utan veldig store utfordringar.

Ingvill&Ailin

tirsdag 23. oktober 2012

Draumar.....

 
... vert endeleg sett til livs.
I fleire år no, har me drøymt om vår eigen blomsterverkstad. No skal me endeleg gjera realitet av draumane våre, og i begynnelsen av desember opner me døra til "maskinverkstaden" i Smedbrekka, som får nytt liv, og vert Blomsterverkstaden AS. I løpet av utallige timar med kvar vår kopp grøn te, har Blomsterverkstaden AS fått liv...litt etter litt.

Blomsterverkstaden AS vert ein liten blomster- og interiørbutikk. Kreativitet saman med kvalitet, skal kjenneteikna blomsterbinderiet me leverar.

Det vert travle dagar fram til opning, men kva gjer vel det? :-)
Me skal prøva å vera flinke til å oppdatera dykk undervegs.

Ingvill&Ailin