mandag 9. desember 2013

Nostalgi.....



Eit av mine kjæraste barndomsminner, er at eg plukka bøkehamsar ilag med bestemor. Rett bakom blokka der besteforeldra mine budde stod eit svært bøketre, og under det stod ein benk og eit leikeapparat.

Mykje av tida ilag med bestemor blei tilbrakt i nærleiken av ein skog, eit tre, ei busk, eller ein blomst, og nasa var alltid retta mot jorda...  




Bestemor hadde stor skaparglede, holdt alltid på med eit eller anna. Porselensmaling, rosemaling, hekling, sydde noko, sådde frø, stelte med blomster og plantar. På eit tidspunkt fekk ho til og med ei rose oppkalla etter seg. "Fru Michelsens månerose".
Det er ingen tvil om at mykje av mi skaparglede kjem ifrå bestemor, og at mine kreative anlegg er arva hjå henne.
Det same gjeld blomstergleden, og mykje av kunnskapen om plantelivet.
Et av de første latinske blomsternavna ho lærte meg, Helleborus Niger, som er Julerose, er idag ein av mine absolutte blomster-favorittar.



Det eg egentlig skulle skrive om, var desse kulene av bøkehams. Det er mangemange år sidan eg laga den første, og det har blitt eindel sidan den gong. Nytt i år er desse kjempestore :)
Treng nødvendigvis ikkje pakkast vekk etter jul, dei er fine heile året. I butikken min, Blomsterverkstaden i Smedbrekka på Manger, har eg desse kulene i tre størrelsar. De aller største har eg kun to av, og eg kan med sikkerhet sei at om da skulle vere behov for fleire, treng døgnet fleire timar før jul!
Fin julegåve kanskje?


Ingvill.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar