torsdag 12. desember 2013

Mose, Lerk og kvite Tulipanar...





...saman i ein lekker krans. Sorgbinderi er ein del av kvardagen i ein blomsterbutikk, og for mange kundar betyr desse arbeida mykje.
 Blomsterarbeidet skal symbolisere ei siste helsing, og vere med på å uttrykkje dei kjensler ein har, for personen som no ikkje er meir.
For meg som blomsterdekoratør, er det derfor viktig å skapa arbeider med det rette uttrykket.



Til denne kransen var stikkordet vakker.



Naturmateriale som lerk og mose, ilag med kvite tulipanar, føltes riktig til denne kransen, både med tanke på kven den var til, og kven den var frå.  



Materialkontrasten, mellom lerk og tulipanar,
 synes eg berre er så fin.


Y



Blomsterverkstaden lagar alle typar sorgbinderi, kistedekorasjonar, ulike kransar, hjartekransar, hjarter, puter, rondellar, tepper og bårebukettar. Med eller utan sløyfe.
Leverar til Manger, Hordabø, Sæbø og Emigrantkyrkja på Sletta. Ynskjer ein levering til andre nærliggande kyrkjer, ta kontakt. Vil du hente sorgbinderi og ta det med deg til kyrkja, kan du sjølvsagt også det.

På Blomsterverkstaden si heimeside ligg eit eige bildegalleri med sorgbinderi.


Har du spørsmål, nøl ikkje med å ta kontakt. 56370200.

Ingvill

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar