søndag 3. februar 2013

Blomsterfestival & Stavanger Open!

 
 
 I august 2011 gjekk Blomsterfestivalen, og konkurransen Stavanger Open av stabelen for tredje år på rad. Blomsterfestivalen vert arrangert av Stavanger kommune, i samarbeid med regionens blomsterprodusentar, byens blomsterbutikkar, Bergeland VGS og Stavanger Sentrum AS. Stavanger Open er ein lagkonkurranse, eg og ei god venninne frå skuletida i Danmark, meldte oss på. Sjølve konkurransen pågjekk lørdagen, mens Blomsterfestivalen var frå fredag til søndag.
 
Nokre dagar før konkurransen fekk me oppgåva: "FLOWER POWER"
 
Utover det var oppgåva fri, men måtte holdast innanfor 3 x 3 meter. Både eg og Nina synes oppgåva var kjempegøy, inspirasjonen kom med ein gong :)
På konkurransedagen fekk me utdelt masse blomster, alle laga som deltok fekk de sammen varene. I tillegg til desse kunne me bruka da me ville av naturmaterialer.
 
 
Bilde over viser det ferdige resultatet :)
 
 
Alle lag fekk tildelt kvar sitt "område", enten torget, parken eller kongsgården. Me fekk kongsgården, og kunne velja fritt i den kor me ville laga arbeidet. Me fann ein ledig jordflekk, og "herr assistent" var på plass straks Clas Ohlson opna og kjøpte spade til oss:) Her blir jorda spadd om der blomstrane skal stikkast.
 
 
 
Me begynte med å stikka kvister og greiner ned i jorda, i den forma arbeidet skulle ha, eit peace-tegn. Skikkelig "Flower-Power" altså. :)


 
Så blei alt det grønne me fekk utdelt plassert jevnt i heile tegnet.

 
Deilig å jobbe ute i eit sånt fantastisk ver!

 
Arbeidet før alle blomstrane blei arrangert i.

 
Her ser de nesten alle materiala me fekk utdelt. Me brukte alt me fekk, untatt de raude rosene...

 
Nærma oss ferdige, litt prat før me begynna på siste finish :) ;)
 
 
To fornøyde blomsterdekoratørar, glade for å vera ferdig med arbeidet, og veldig spente på resultatet!!!


 
Heile 20 lag deltok i konkurransen, deriblandt mange gode velrennomerte blomsterdekoratørar..
Alle 40 deltagarene stod samla på catwalken og venta spent...
Tredje plassen blei ropt opp, så kom 2.plassen..                                  2. plass:   Lag nr 9, Ingvill og Nina!!! Me såg bere på kvarandre; kaaa sa de? Trudde knapt våre eigne øyrer!  Så utrulig gøy!! :)

 
Så sånn kan da gå... Me hadde i alle fall ei super helg i Stavanger, sjølve Blomsterfestivalen er ein opplevelse!
 
 
 
 
 
 
Ingvill


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar