fredag 8. februar 2013

Blomster til MORSDAG...

No nærmar morsdag seg veldig! På søndag allereie! Me har laga mange flotte blomsterarbeid som står og ventar i butikken, og som du kan kjøpa med deg for å glede mor! Ynskjer du heller å sende blomster heim på døra, annonserte me onsdag i avisa Nordhordland med fri utkøyring i Radøy kommune i heile februar:) Me svarar telefonen om du ringjer 56370200, og leverar blomster same dag.
 
Me har brukt god tid på å velja ut de "rette" blomstrane til butikken nøye, og stor fryd var da når blomstrane vart levert til oss... De lekraste roser og tulipanar..... Tropiske orkidear, orkidear på bøyle, på hjerte, og bere heilt som seg sjølv! Avskårne Cymbidium orkidear; perfekt i bukettar! Blåklokker(Campanula) fylte Ildtoppar, Hortensia, Perleblomster, Duftranke og Narcissar står på rekka og rad...
 
Kvelden har gått med til å binda håndbundne bukettar, som står spente på kjøl i vasane sine, og gledar seg til du kjem!
 
Her får de sjå eit utvalg av blomstrane som kan finnast her hjå Blomsterverkstaden.
Fredag har me ope til kl 19.00
Laurdag utvidar me opningstida ein time for di skuld til kl 16.00 :)
 
Då gjenstår da bere å ynskja deg hjartelig velkommen!!!
 
 
 
 
Sjeldant lekre fylte tulipanar i krem og mørk rosa.

 
Morsdagsbukett med roser, voksblomst, cymbidium og eucalyptus... Og eit hjarte so klart!

 
Enkel rose i hjartesølvskål med grønt.

 
Sølvhjarteskål  med 3 raude roser..

 
Dekorasjon i rødt til mor.

 
10 stk raude roser med eucalyptus og strå: 199,-

 
Raudt er kjærleikens farge..

 
Kjempefine haldbare Ceropegia(Marmorlanterneplante) på hjartebøyle. Med potte/pynt 299,-

 
Fiiiiine "Acapella" roser!

 
Lekker bukett til mor! Frå 229,-

 
Litt av butikken i lilla/rosa/sølv/grønt/grått/kvitt....

 
<3

 
Stilige "Corokia" (nokon kallar desse for de døde trea....) Dei er høgst levande, men med sin svart-grå stamme, og sølvgrå blad, kan samanligninga forsvarast..

 
Deilige kjempesvære Hortensia.

 

 
Orkidear på hjartebøyle i glasspotte med sinkhjarte "til mor".
Berre orkideen på hjartebøyle 279,-
Og kvite Duftrankar...og KROKUS!

 
Store skåler med blå Muscari...perleblomster...kan plantast ut i hagen sia!

 
Superfine Phaleanopsis 199,-

 
Vår heim i stova? Lilla og rosa tulipanar med kvist og gåsungar...

 
Frisk og vårlig plantegruppe.

 
Frodig bukett i rosatonar...
 
 
Me sjåast!
 
 
Ingvill&Ailin
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar