For kort tid sidan fylte ein av mine nære venninner 30 år,
(eller tjue-ti, som ho seier sjølv).
Dette skulle feirast i festleg lag, og ho ville gjerne ha blomster på borda. Ho ville i utgangspunktet ha "svarte" blomster, altså så djupt raude/lilla som det går an, då blir de ganske "svarte". Vanlegvis ville eg då ha brukt Callaen "Swartzvalder", men då ville me ha måtta firedobla budsjettet denne gongen, og det var ikkje aktuelt.
I staden gav ho meg frie tøylar når det gjaldt dekorasjonane, og eg valde då å bruke så mørk raude/burgunder blomster som mulig.
Valet fall på burgunder Chrysanthemum, burgunder Ranunkel og mørk raude Cymbidium-orkidear.
På nært hald er Ranunkelen nesten svart :)
Brukte tradisjonelle borddekorasjonsunderlag, men laga dekorasjonane på utradisjonell måte. Dvs, eg har ikkje brukt noko form for grønt i dekorasjonen, men dekka all oasis med blomstrane.
På kvart langbord vart det sett 2 dekorasjonar, og bordet vart dekorert med Cymbidium-orkidear og Ranunkel i glass, mellom og på sidene. Og nokre Chrysantemum hovuder blei lagt rett på bordet.
Eg har dessverre ikkje bilde av korleis de såg ut på bordet, med oppdekking det heile, det er så utrulig mørkt i lokalet at det blei ikkje godt nok.
Blomsterverkstaden lagar borddekorasjonar til alle anledningar, no nærmar det seg konfirmasjonstid, og ynskjer du at Blomsterverkstaden skal hjelpa deg med borddekorasjonane, nøl ikkje med å ta kontakt :) Sjå og heimesida
for fleire eksempel på borddkorasjon.
Ha ein fin kveld :)
Ingvill
Hei :)
SvarSlettMange fine bilder til innspirasjon her :)
Fin heimeside til butikken :D
Anne Marie
Hei! Tusen takk for da Anne Marie! :)
Slett