fredag 16. november 2012

Travle tider!

No jobber vi iherdig med å få lokalet ferdigstilt! Det viser seg at det ikkje er gjort over natta å gjere eit skittent maskinverksted om til ein inbydande butikk. Menna våre har jobba som to heltar både dag og natt, mens vi damer prøver å få klar tinga vi skal ha i butikken. Vi satser jo på å lage litt flotte heimalaga ting, som ein ikkje finn i alle butikkar.
 
Ingvill er jo ein kjempeflink og kreativ dekoratør som alltid har ein god og nyskapande idè på lur :-)Eg har lært mykje kjekt, både før og no undervegs når vi heldt på! Det er GØY!
 
 Denne har eg laga, med Ingvill hadde ideen :-)
 
Ellers har vi fått mykje flotte varer til butikken vår! Vi pakker opp og pakker opp! Ungane våre er med, og dei kosar seg og er veldig flinke!! Dei er 3, 3 og 5 år og er veldig god hjelp i, sjølv om det blir littegranne knussel innimellom om kven som skal lima kva lappar og lignande :-)
 
Her får de eit bildedryss av dei flotte ungane våre i fullt arbeid:'
 
 
 
 
 
 
 
Litt dårlig kvalitet då Iphonen min ikkje har det beste kameraet!
 
Vi kjem tilbake i løpet av helga med bilder av det fine golvet menna våre har lagt til oss <3
 
Ailin
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar