tirsdag 5. februar 2013

Bryllupsblomster i champagne...

 
I juni 2012 gifta ei god venninne seg, og me fekk frie tøylar kva angjekk blomsterdekor... Ho valde seg fargen "champagne" som utgangspunkt. Kule-temaet var tidlig på plass, og både kirkepynt, bordpynt vart laga med ei eller anna kuleform. 

 
Slik såg alter-dekoren ut, store kuler med fylt Chrysanthemum, montert på glassvasar med sand, vatn og Gypsophila oppi. Seinare pynta me gangen i selskapslokalet med desse.

 
Store flotte 5-arma lysestakar vart leigd og brukt både i kyrkja og på festbordet. Champagnefarga lys, pynta med silkehjerter og kremfarga knappenåler.

 
De nygifte !

 
Me laga og knipper med forskjellige blomster som brura fekk med seg til frisøren. Lekkert å pynte håret med blomster på den store dagen :)

 
Brudebuketten i fanget på brura i kyrkja.

 
Mellom de store lysestakane står kuler av fylt Chrysanthemum, og mellom desse mengdar av telys i lyse fargar. Til slutt strødde me bordet med roseblader i forskjellige nyansar.
 
 
 
De lekre rosene heiter "Tinkerbell".

 
I lysestakane hang roser ilag med runde perler i forskjellige størrelsar.

 
Chrysanthemum-kule med roseblader.

 

 
Me laga kuler med Chrysanthemum i 3 forskjellige størrelsar. Som bordkort laga brura til chiffonposar med lovehearts.

 
Brudebuketten dekorerar bordet under middagen.

 
 

 
Sjølve brudebuketten blei laga som ein pendel. Rund kule av roseblader, og eit fluffy heng med chiffon-bånd, lause roseblader, roseknoppar, gypsophila og fremfarga perler. Nokre få Phalaenopsis orkidear oppå kula, og ned i henget....
 
 
 
 
Skal du gifte deg, og har spørsmål angåande brudebukett eller bryllupsdekor, ta gjerne kontakt:) Me gledar oss til å hjelpe deg!
 
 
Ingvill&Ailin
 
 
 

søndag 3. februar 2013

Blomsterfestival & Stavanger Open!

 
 
 I august 2011 gjekk Blomsterfestivalen, og konkurransen Stavanger Open av stabelen for tredje år på rad. Blomsterfestivalen vert arrangert av Stavanger kommune, i samarbeid med regionens blomsterprodusentar, byens blomsterbutikkar, Bergeland VGS og Stavanger Sentrum AS. Stavanger Open er ein lagkonkurranse, eg og ei god venninne frå skuletida i Danmark, meldte oss på. Sjølve konkurransen pågjekk lørdagen, mens Blomsterfestivalen var frå fredag til søndag.
 
Nokre dagar før konkurransen fekk me oppgåva: "FLOWER POWER"
 
Utover det var oppgåva fri, men måtte holdast innanfor 3 x 3 meter. Både eg og Nina synes oppgåva var kjempegøy, inspirasjonen kom med ein gong :)
På konkurransedagen fekk me utdelt masse blomster, alle laga som deltok fekk de sammen varene. I tillegg til desse kunne me bruka da me ville av naturmaterialer.
 
 
Bilde over viser det ferdige resultatet :)
 
 
Alle lag fekk tildelt kvar sitt "område", enten torget, parken eller kongsgården. Me fekk kongsgården, og kunne velja fritt i den kor me ville laga arbeidet. Me fann ein ledig jordflekk, og "herr assistent" var på plass straks Clas Ohlson opna og kjøpte spade til oss:) Her blir jorda spadd om der blomstrane skal stikkast.
 
 
 
Me begynte med å stikka kvister og greiner ned i jorda, i den forma arbeidet skulle ha, eit peace-tegn. Skikkelig "Flower-Power" altså. :)


 
Så blei alt det grønne me fekk utdelt plassert jevnt i heile tegnet.

 
Deilig å jobbe ute i eit sånt fantastisk ver!

 
Arbeidet før alle blomstrane blei arrangert i.

 
Her ser de nesten alle materiala me fekk utdelt. Me brukte alt me fekk, untatt de raude rosene...

 
Nærma oss ferdige, litt prat før me begynna på siste finish :) ;)
 
 
To fornøyde blomsterdekoratørar, glade for å vera ferdig med arbeidet, og veldig spente på resultatet!!!


 
Heile 20 lag deltok i konkurransen, deriblandt mange gode velrennomerte blomsterdekoratørar..
Alle 40 deltagarene stod samla på catwalken og venta spent...
Tredje plassen blei ropt opp, så kom 2.plassen..                                  2. plass:   Lag nr 9, Ingvill og Nina!!! Me såg bere på kvarandre; kaaa sa de? Trudde knapt våre eigne øyrer!  Så utrulig gøy!! :)

 
Så sånn kan da gå... Me hadde i alle fall ei super helg i Stavanger, sjølve Blomsterfestivalen er ein opplevelse!
 
 
 
 
 
 
Ingvill


fredag 25. januar 2013

Vår i butikken

 
Sjølv om snøen på nytt har lagt seg over landskapet ute, har me butikken full av blomster i lekre vårfargar...  Så kan me i hvertfall nyta tida inne, enn så lenge...
 
 
Hortensia i lilla-rosa sjatteringar, kjempestore! :)


 
Fiiiine!

 
Bukett med Hyacintar, roser og voksblomst...

 
Holdbar plantegruppe med fylt ildtopp, elefantfot og stor sukkulent.
 

 
Kjempefine roser "Sanaa". Bukett med Limonium og bjørk.

 
Tom lysestake? Plant ein sukkulent oppi! Enkelt og stilig.

 
Tulipanar er og sjølvskrivne på denne årstida, akkurat no har me og disse fylte kremfarga... sooo fine!
 
 
Ynskjer alle ei fin helg!
 
Ingvill&Ailin
 

torsdag 24. januar 2013

Sola sin farge...

 
...gjer oss glad! Herlige nyansar av gult, aprikos og kvitt lyser opp i heimen no på vinterkveldane. Og Primula og tatzettar som spreier duft som lovar vår.
 
 
Viser nokre bilder frå butikken i de deilige fargane..

 
Lysegule Vanda-orkidear med lang haldbarheit. Fint med ei lita grein i ein vase, eller ei enkel klokke i ei skål...

 
Me har fått eindel store grønplanter i butikken, av den sorten som ikkje krever allverdens med stell :)

 
Sukkulentar, som ikkje treng spesielt mykje vatn, har me eit godt utval av:)

 
Lekre?

 
Syngonium "Red Heart". Dekorativ grønnplante med sart rosa, hjerteforma blad.

 
Til slutt eit bilde av den eksotiske Cambria orkideen "Tropical Jungle". Utrulig riktblomstrande, og den har herlig svak duft av vanilje. Likar litt meir vatn enn vanlege Phalaenopsis orkidear, og trives på ein lys stad. Det er og lett å få den til å blomstre igjen. :)
 
 
Ingvill&Ailin
 
 

onsdag 23. januar 2013

Islykter...

er gøy!!! Lek med vatn og ballongar:) Forutsetningen er sjølvsagt minusgrader... Forrige veke var det skikkelig kaldt, og heldigvis for islyktene er det framleis det... Laga rundt 30 stk, med litt variasjonar som står rundt omkring i hagen og ved butikken. Veldig koselig når det mørknar, å kikke rundt seg utanfor.
 
 
 
Oppskrifta er enkel. Fyll ein ballong med vatn, jo meir vatn, dess større vert lykta.

 
Set balllongen oppi ei lav skål, slik at den står. (eg brukte dessertskåler) Blås litt luft i ballongen, og knyt att ballongen. Mykje luft gjer stor flate, litt luft gjer mindre.

 
Set ballongen ut i kulden. Ved ca 10 minusgrader, tek det 12-14 timar før lykta er klar, men ved 4-5 minus bør den stå nesten 24 timar.

 
Ta ballongen inn i vasken, (fordel med stålvask) og sprekk ballongen. Velg om topp eller bunn skal vere opningen til lykta. Stikk ein kniv eller lignande gjennom isen, for å lage eit hol til å tømme ut vatnet. Holet kan knusast større med ein liten hammar eller liknande, men ver forsiktig!

 
Ta lykta ut av vasken, og la varmtvatnet renne ei stund, før du set lykta med opningen ned, i vasken. Før lykta att og fram, til du har smelta ein fin opning.

 
Ta lykta ut i kulden igjen, set den der den skal stå med ein gong, dei frys fort fast!!
Fordel å bruka lys som ikkje vert so varme, telys smeltar hol i bunnen på eit øyeblikk.

 
Eg fann oppskrift på islyktene hjå den alltid inspirerande Anne på Moseplassen.  Ho har lagt ut ein video som viser framgangsmåten:)
So får me håpa på kuldegrader ei stund til framover....
 
Lukke til!
 
 
Ingvill

Endelig 2013..og vel so da...:)

Så er me altså 23 dagar inn i det nye året! Synest det er godt med eit nytt år, nye mulighetar, og uendelig mykje tid til å få utretta alt ein har lyst til...eller? :) Tida går fort, og å oppdatera bloggen måtte til stadighet prioriterast vekk for andre oppgåver. Papirarbeid for eksempel......og vareteljing....heldigvis nesten eit heilt år til da skal gjerast igjen :) :) Viser idag nokre arbeid me har laga, og litt bilder frå butikken,  som strålar av vår:)
 
 
Frisk plantegruppe, med orkide', eføy, Anthurium og Primula. Deilig med gult, som lyser opp:)

 
Primula er sjølvskriven i butikken på denne årstida. Me har den i mange fargar, og dei duftar deilig! Det er mange som trur at det er vanskelig å få til primula, men sannheita er at det ikkje er meininga at den skal vare i månadsvis... Meir som bukett på rot :) Litt lengre står dei, dersom den blir plassert kjølig nattestid. Og når blomstringa tek slutt, ta vare på planten til den kan plantast ut i hagen, og året etter blomstrar den med  stor sannsynlighet i hagen:)

 
Utrulig dekorartive Crassula, som har fått naturens potte, til å hengja i vindauga, eller annan lys stad.
Tåler lange periodar med lite vatn:)

 
Mykje lekkert ifrå Nordal og Wikholm i butikken no. Den lekre duse rosafargen er kjempepopulær, og snart kjem den fine potteserien i same farge!

 
Turkis er og tidsriktig, sooo deilig med knæsje fargar som set fart i humøret allereie med morgonkaffien! Frokostserviset med tøft mønster frå Nordal kan skaffast i eit stort utvalg fargar. Ta ein kikk i Nordal sin Vårkatalog :) Finn du noko du likar, ta kontakt for eventuell pris og bestilling.

 
Til slutt eit bilete av den skjønne Narcissus TA "Ziva" paperwhite, som duftar deilig! Dette er ein løkplante, fin å ha inne no som ein forsmak på våren, og seinare plantar du den ut i hagen. Oppfører seg som påskeliljer :)
 
 
Ynskjer alle fine vinterdagar!
 
 
Ingvill&Ailin