søndag 28. oktober 2012

Du grønne glitrande...


...tre...juletre!  Blomsterverkstaden skal i desember selja juletre! Desse vert nøye utvalgt av oss, og hogga rett før de vert levert i Smedbrekka:)  I helga har me merka mange av trea ein kan få kjøpt heim til jul. Me merka denne gongen Koreaedelgran, Abies Koreana, kjempefine juletre, faktisk veldig ofte med konglar. Dei duftar også meir enn andre tre, litt som frisk citrus...

 
På vei ut i felta, sludda det noko heise, men idet me steig ut av bilen, forsvant skydekket, og sola skein som aldri før... Deilig å vere i skogen når det er sånt vær!
 
 
For mange born er juletre-henting eit høgdepunkt, enten det er i skogen eller hjå juletrehandlaren.
I år vil alle dei som handlar juletre hjå Blomsterverkstaden a/s, få med seg heim eit lite norsk gran tre,
som borna kan disponera til eige bruk dersom de ynskjer dette. :)
 
Ingvill&Ailin

4 kommentarer:

  1. Når begynner dere å selge juletrær? Tror jammen meg vi må ta turen ut til Manger for anledningen! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt! Me kjem mest sannsynleg til å ha nokre juletre for salg allerede frå opningsdagen 3.desember. Men frå den 12. desember er utvalget mykje større. :)

      Slett
  2. Så flott :) Kor lenge ca heldt Koreaedelgran seg innomhus før den begynner å vissne?

    SvarSlett
    Svar
    1. :) Så lenge treet får vatn, veeeeldig lenge! Eg hadde eit i gangen i fjor, det stod i halvannan månad, utan å misse ei nål!

      Slett