mandag 29. april 2013

Brudesamling på BLOK

 
 
For ei stund sida starta eg på BLOK.
BLOK - Blomsterdekoratørenes opplæringskontor- har forskjellige samlinger som vert holdt på Primaflor i Åsane. Samlingane er temabasert og sist var det brudesamling. Der lærte eg forskjellige teknikker, som ofte vert brukt i forbindelse med brudebinderi. 
Eg har jo ikkje jobba med blomster før vi starta butikken anna enn litt på hobbybasis i lag med Ingvill, og har til no egentlig bare hatt kreativiteten til å hjelpe meg, og selvfølgelig det Ingvill har lært meg!
Derfor er det veldig lærerikt for meg å vere med på desse samlingane :-) Eg er jo der i lag med lærlinger fra forskjellige blomsterbutikker i Bergen og omegn. Og nokre eldre som meg sjølv :-) Så det er veldig inspirerande og eg kjem tilbake i butikken etter endt veke med mykje ny giv og inspirasjon innabords!!
 
-Her kjem eit lite bildedryss fra samlinga,
litt som eg har produsert og litt dei flinke andre produserte-
 
 
 
 
Laga av meg:-)

 
Kule med Krysantemum, dekoret med Dendrobium og heng av roseblader, Hortensia og Hyacint.
 

 
Denne har Liv Dahl laga, ho er ei av intruktørane på BLOK :-)
 

 
Blomstersmykke laga av Silje Tholo, som er lærling hos Toppe Blomster Oasen
 

 
Orginal brudebukett laga av Knut Sætre
 

 
Nærbilete av buketten til Knut, kule av Krysantemum på toppen
 

 
Rosekule laga av meg:-)
Dekorert med Dendrobium orkide, Ceropegia og heng av Hyacint.
 

 
Alle måtte lage ein bukett av Tulipaner for å lære seg stifteteknikk for Tulipaner. Som de kanskje ser fekk vi ikkje velge farge på Tulipanane sjølv ;-) Den til venstre har Knut Sætre laga, den i midten har eg laga, den til høgre veit eg ikkje.
 

 
Denne flotte vifta har Ingvild Revheim, som er lærling hos Bogrønt Litland laga. Tanken hennar var at det skulle vere bukett til ei kinesisk brud :-)
 

 
Denne flotte buketten av Nellikar har Cecilie Torsvik laga ho eig og driv Blomsterbua i Øygarden.
 

 
Denne stilige "veska" har Tone Helen Skår Hansen laga, ho er læling hos Soltrand Blomster.
 

 
Dette "armbåndet" har Silje Tholo laga:-)
 

 
Nærbilete av "armbåndet", ho har brukt Vårlyng, Kryanstemum og Helleborus :-)
"Stativet" har ho laga av myrtetråd

 
Denne veska har Elin Tysdal laga. Ho er intruktør og veileder på BLOK.
 

 
Denne fargesprakande, har også Elin laga. Den syns eg seier litt om korleis Elin er! Ho er ein superblid fargeklatt :-) Eit herlig menneske :-)
 

 
Tilslutt, kule av Nellikar laga av Ingvild Revheim :-)
 
 
Det vart laga fleire buketter, så dette er bare eit utvalg. Alle måtte laga ein tulipanbukett, og så skulle vi forberede og planlegge minst to buketter/brudearbeid til denne samlinga :-)
 
No har bryllupsseongen starta for fullt og Blomstervekstaden har allerede hatt fleire bryllup i år, noko som er kjempekjekt! Og litt opplæring på BLOK kjem godt med for meg :-)
Skal du gifte deg? Eller kanskje du kjenne nokon som skal gifte seg?
-Ta kontakt med oss- :-) 
 
Ailin

2 kommentarer:

  1. Mykje fint Ailin. Synes absolutt at dei du har laga e dei finaste :-)
    Grethe

    SvarSlett