onsdag 22. oktober 2014

Blomsterdekorasjon til 80-årsjubilant; med TRAKTOR!


Det er artig med litt spesielle bestillingar av og til :-) 
Til denne dekorasjonen fekk eg heilt frie tøylar, men det måtte vere ein eller anna form for traktor i blomsterarbeidet.


Nærbutikken hadde heldigvis eit passande traktoreksemplar, til og med hadde den tilhengar!




På den eine sida av "brua" forestiller blomstrane skog og kratt, på den andre sida markblomsteng og eit lite vatn.


Gjerdestaurane er av tørka Askepinnar.



Utradisjonelle oppdrag er alltid gøy, og sjølvsagt er det og veldig kjekt når blomsterarbeida vekkjer begeistring og glede!


Ha ein fin kveld!


Ingvill Marie




Hjerteforma brudebukett!


Bryllup i hjarteform! Både bukett, kyrkjepynt og bordpynt skulle vere i hjarteform.


Knappholsblomst i kvitt og sølv.


Kyrkjepynten er laga av to store bjørkehjarter som me spraya kvite. Pynta dei med Phalaenopsis-orkidear som brura sjølv valgte ut :)



Brudepikebukettar med kvite greinroser, orkide og brudeslør.


Brudebuketten, av kvite greinroser "Snow flake", Phaleaenopsis.orkidear, sølvperler og strasshjarter.



Romantiske detaljar!


De nygifte 
©
Heidi+Morten

tirsdag 21. oktober 2014

Lilla brudebukett og bryllupsblomster med "OceanSong" roser


Bryllupssesongen 2014 nærmar seg over, og me har hatt gleda av å hjelpe mange vakre brudepar med sine bryllupsblomster i år.
 Eit av årets første brudepar var Nina og Audun i mai. Brura ville ha ein klassisk rund bukett med lilla roser.


©


Brudebuketten er stifta i kuleform, med mansjett av Marmorlanterneplante, Ceropegia. Pynta med sølvperler og strasshjarter.



Knappholsblomstrane med enkel Ocean Song rose og strasshjarte.


Også kalla "corsage".


Brura i sin vakre draum av ein kjole...


Bordpynten var enkel, mange små bukettar med lilla roser, pynta med kvite sommarfuglar.


Like bukettar pynta alteret i kyrkja.


Det er mange ulike måtar å pynte i kyrkja på, mange vel noko som er lett å flytte med seg til festlokalet. Det som er kjekt med denne typen pynt, er kan den kan flyttast heim på terassen etter bryllupet, og ein kan ha glede av dei i mange år :)


Lilla Hortensia, Hydrangea Macrophylla.






Brudeparet!

Bilete av brudeparet er teken av CRFOTO, her på Radøy.

onsdag 30. april 2014

Ope 1. MAI!


Imorgon 1. Mai har Blomsterverkstaden ope 10.00-16.00


Stort utval i hageplanter,busker og tre!


Sommarblomster i fleng!



Fine Fuksia-amplar!



VELKOMMEN :)

Ingvill




tirsdag 22. april 2014

Brudebukett med Memory Lane roser


Denne brudebuketten er handbunden, kun med Memory Lane roser, litt blonde og nokre få perler.



Brura ynskte ein heilt enkel bukett, med berre roser.


Blonde rundt stilkane, utgjer skaftet på buketten, festa med perler.


Som borddekorasjon, vart det sett mange små vasar på bordet med Memory Lane roser i.


Enkelt og lekkert.

©


Det vakre brudeparet! 



Årets bryllups-sesong er her allerede, skal du gifte deg i sommar, og ynskjer at Blomsterverkstaden skal hjelpa deg med blomster til ditt bryllup, ta gjerne kontakt :) Sjå og inspirasjonsbilder i andre bryllupsinnlegg her på bloggen,  i bryllupsalbum i butikken i Smedbrekka eller på heimesida www.blomsterverkstaden.no 

Bilete av brudeparet er teke av Jannike Steindal Nordanger.

Ynskjer alle ein fin kveld!

Ingvill


mandag 14. april 2014

Påskestemning?

Det kan du få hjå meg! 
Deilig med påske, mange har allerede tatt påskeferie:)  Blomsterverkstaden har ope til 18.00 imorgon tirsdag og det same onsdag. Har godt utval i blomsterarbeid til påske, både inne og uteplantar. Vintergrønne, Buksbom, Rhododendron og eindel stauder er på plass. Stemorsfiolar i mange forskjelllige fargar, får du 5 for 100,-  :)
 
 
 
Dekorasjon i kvitt og gult, med fjøyr :)

 
Bjørkehjarte, laga på bestilling, med påskedekor.

 
Sjølv om løken ikkje har jord, held den seg fin lenge.

 
Nye lysglas, med knalltøft insektsmotiv 39,-

 
Lekre kvite Campanula i glasspotte med herlig kylling oppi.

 
Enkle fine kvite stettpotter med påskeliljer og vaktelegg.

 
Ildtopp med kylling oppi reir :)

 
Veldig stilige hanar, belagt med gammalt avispapir 99,-

 
Lekre gamaldagse potter med krakelering og gule roser på. Med Minicalandiva i.

 
Tøffe kvisthøner, med Ildtopp inni, fjøyr på stjerten :)

 
:)

 
Påskeblomstrane treng ikkje alltid vere gule, lekkert med kvit Calandiva i perlemorspotte, med stilige fjøyr og sølvstreng.

 
Gule roser med herlig duft til påske? 10 stk 129,-

 
Gule Fresia med duft som berre Fresia har...

 
Veldig fine, fylte gule tulipanar! 20 stk 129,-

 
Gule potteroser 79,-
 
 
Ope denne veka:
Tirsdag og onsdag 10-18
Lørdag 10-15
MEN!
Blir det so fint ver som det kan vere tale om, og lysten til hagearbeid skulle verte kasta på deg, skal eg arbeide i uteavdelinga både torsdag og fredag, så muligheten for å få kjøpe seg både thujahekk og jordbærplantar er svært god :) Og sjølvsagt alle andre slags varer eg har.
 
Blomsterhelsingar vert levert i heile Radøy, blomster kan bestillast på 56370200 eller på post@blomsterverkstaden.no
 
 
Eg ynskjer riktig GOD PÅSKE,
og ynskjer alle hjarteleg velkommen i Smedbrekka 10.
 
 
Ingvill