onsdag 31. desember 2014

Velkommen 2015!






Eit nytt år står for tur, heile 365 dagar å fylle, med blomster, glede, sorg og alt der i mellom.....

Det har skjedd mykje i året som har gått, opp og nedturar, mange flotte hendingar i blomsterlivet, som disktriktsmesterskapet som resulterte i bronsemedalje, og eg har fått hjelpe mange vakre bruder, med brudebukettar og det som høyrer til. 
Tur til Tromsø,  for og sjå på Norgesmesterskapet i blomsterdekorering, var like kjekt og inspirerande som det pleier å vere. 

Blomsterverkstaden har og fått ein medarbeidar, flinke Trude! Kreativ og har alltid smilet på lur! Veldig glad for at ho er med på laget! 
No er julemesse og julestri over for denne gong, berre vareteljing og eindel papirarbeid gjenstår for å avslutte 2014. Eg kjenner meg takknemlig, for at eg har så mange rundt meg som bidrar til at ting går i hop, mannen  min, som hjelper til med da meste, mor og far, ikkje minst, og resten av familen. Gode venar som stiller opp, når eg treng ei hand, eller berre litt oppbakking og støttande ord :-) 
Eg vil seie tusen takk til alle saman, de veit kven de er!
<3

Det skjer mykje spanande i året som kjem, det er aktivitet i Austmarka, og det ser ut til at Blomsterverkstaden får flytte i nye lokaler i løpet av året! :-) Det er no vel 3 år sidan me begynte å vente på dei lokala, så... vel, det skal bli godt med litt meir plass :-)
Distriktsmesterskapet gledar vi oss til, og ikkje minst Norgesmesterskapet, som denne gongen skal avholdast i Bergen, ein gong utpå hausten.
Årets første bryllup er allerede neste helg, det er veldig kjekt! Det blir ein travel bryllupssesong i år, så har du gifteplanar, og ynskjer at Blomsterverkstaden skal hjelpa deg med bryllupsblomster, kan det vere ein tanke å få booka inn datoen om ikkje så lenge. :-)
Det spanande arbeidet med ny nettside, skal fullførast om ikkje altfor lenge, det blir veldig bra!


Veldig kjekt, var det å få lage brudebuketten til Grethe og Johannes på årets siste dag! De beste ynskje til brudeparet på dagen, og i framtida <3

 Eg vil takka deg, du som vel å ta turen nedom til butikken i Smedbrekka, eller ringjer inn ein bestilling på blomsterarbeid. Eg set pris på deg som kunde, og vil gjera det eg kan for å hjelpa på best mulig måte.
Til slutt vil eg takka deg som les dette. Til deg som likar bilda eg legg ut på facebook, og på Instagram. Tusen takk for alle fine kommentarar, delingar og all anna aktivitet i sosiale media. Eg set stor pris på kvart eit ord, det gjer det heile verdt det, og oppmuntrar til utvikling, fornying og skaparglede.
Tusen takk.

Eg vil ynskja alle eit godt nytt år, 
og ynskjer alle blomstrande utfordringar i 2015 hjarteleg velkommen!

Ingvill


foto: Sonja Halland