For ei tid tilbake, hadde me gleda å dekorera til Trude og Arnth sitt bryllup. Sjølv om me ikkje kjente brudeparet frå før, gav de oss meir eller mindre frie tøylar. Brura sin flotte kjole var gylden, og brudgommen skulle bruke Marine-uniform. Brudeparet skulle vigslast i Haakonsvern kyrkje, og festmiddagen holdast på Bellevue i Bergen. Fargane kvitt, champagne, gull og blått vart eit naturleg val, med Marine-uniformen og brudekjolen som utgangspunkt. På bryllupsdagen reiste eg avgårde, med gode hjelparar, og dekorerte borda først i den blå salen på Bellevue, og derettter kyrkja på Haakonsvern. Veldig kjekt og spennande:)
Brudebuketten hadde mange detaljerte element, først ei sydd rose i champagnefarge, så ei sydd Marthalilje, med mansjett av gull. Lyse champagnefarga Phalaenopsis-orkidear, detaljar av Gypsophila, diamanthjerter og blå perler.
Henget, som kjem ut av skaftet, vart laga av lengdar med chiffonbånd, Nellik-kronblad, Rose-kronblad og Gypsophila.
Haakonsvern kyrkje, fantastisk fin! Me laga store søylebukettar med Gladiolar, Roser, Gypsophila, Steelgress og Marthaliljer med gullmasjett, og alterbukettar i same stil.
©
©
På ei rekkje av stolradene nedover langs kyrkjegolvet hadde me laga små bukettar med Gypsophila, Marthaliljer, strå og blå perler.
På Bellevue skulle me dekorera fire store runde bord. Laga høge dekorasjonar i stettglas, med Marthaliljer, Gypsophila, Roser, Phalaenopsis-orkidar, strå, gullkvistar, perler og chiffonbånd med pålimte Rose-kronblad. Sjølve bordet blei strødd med gullsteinar, Nellik- og Rose-kronblad, blå perler, blått silkebånd og kvite telys.
Den blå salen på Bellevue er utrulig fin, gjennomført ned til minste detalj. Og for ein utsikt!
Nærbilete av dekorasjonane.
Nydelig farge på Phalaenopsis-orkideane!
Bordet ferdig dekka i all si prakt.
Nærbilete av brudebuketten. De blå perlene i forskjellige størrelsar, dannar eit mønster utover de forskjellige Marthaliljekronblada.
Brudeparet!
©
Ingvill